Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Koronavaksine | SmittetalSmitteverntiltak

- Dette fungerte heilt topp!

Johnny «Stril» Skålevik smilte breitt då han etter 20 minutt i observasjonshallen kunne vandra til utgangen etter å ha teke den første vaksinedosen med Pfizer-vaksine i Sotra Arena på fredag.

Johnny Stril fekk den første vaksinedosen i dag. Margun Toftevåg set stikket - Klikk for stort bileteJohnny Stril fekk den første vaksinedosen i dag. Margun Toftevåg set stikket. 

690 personar får første dose Pfizer-vaksine 30. april. Med fire stasjonar var det lite ventetid for dei som stod klare for å få vaksinen då vi var innom hallen før lunsj. 80 medarbeidarar var i sving inne og ute.

- Eg var litt redd for kø og kaos, men dette gjekk heilt greitt. Eg måtte kjapt svara på nokre spørsmål, og no kjenner eg berre meg litt øm rundt stikkpunktet. Forma elles er heilt fin. No ser eg fram til å få den andre dosen om seks veker, seier Johnny Skålevik som også opplevde at systemet med elektronisk registrering i vaksinekø fungerte fint.

Grethe Bergsvik er leiar i den operative vaksinasjonsgruppa.

- Det har vore litt kø av og til, men vi opplever at dette har gått svært bra. Vaksinasjonen i dag vil gå føre seg fram mot klokka 20. Dersom kommunen får fleire vaksinedosar, kan ein auka den daglege kapasiteten i hallen til om lag 1 200 vaksinedosar, seier Bergsvik. Ho oppmodar folk om å kle seg eigna slik at ein brukar minst mogleg tid på sjølve vaksineringa.

Bergsvik minner også om at det er avgrensa med parkeringskapasitet ved hallen og ber mellom anna turgåarar å ta omsyn til det når det er massevaksinasjon i Sotra Arena.

Ordførar Tom Georg Indrevik var imponert over måten vaksinasjonen vert organisert på.

- Dette er fantastisk. Vi ventar alle på dette. Eg ser at opplegget fungerer flott og at alle tilsette og frivillige arbeider godt saman. Eg vil gje honnør til alle som bidreg i vaksinasjonen, seier Indrevik.

Grethe Bergsvik og Tom Georg Indrevik framfor området er det vert gjeve vaksinar. - Klikk for stort bileteGrethe Bergsvik og Tom Georg Indrevik framfor området er det vert gjeve vaksinar. 

Desse fekk vaksinasjon på fredag

30. april var det vaksinasjon av personar i risikogruppe fire. Dette er personar i alderen 65 til og med 74 år som ikkje har fastlege i kommunen. Gruppe fire omfattar også personar i alderen 18 til og med 64 år med høg risiko for alvorleg forløp ved koronasjukdom og som ikkje har fastlege i Øygarden.

I tillegg til desse vert det også vaksinasjon av personar i gruppe fem. Dette gjeld personar i alderen 55 til og med 64 år med moderat risiko for alvorleg forløp ved koronasjukdom. I denne gruppa betyr det ikkje noko kvar folk har fastlege.

I vekene som kjem, vil ein i utgangspunktet nytta fredag som vaksinasjonsdag i Sotra Arena. Dersom det kjem inn større mengder med vaksinedosar, vil ein ta i bruk fleire dagar.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Inngangen - Klikk for stort bilete
Ved inngangen vert det teke temperatur av dei som skal ta vaksine. - Klikk for stort bilete
Det er etablert fire vaksinestasjonar. - Klikk for stort bilete
Ved denne stasjonen er det registrering. - Klikk for stort bilete
To legar er på plass for konsultasjon. - Klikk for stort bilete
Dei som har teke vaksine må venta i 20 minutt i observasjonshallen før dei kan forlata lokalet. - Klikk for stort bilete
Maja Fjell Thomas (til venstre) har koordinerer det medisinskfaglege, medan Jeanett Marthinussen har logistikkansvar.  - Klikk for stort bilete