Det er trygt å ta vaksine - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Det er trygt å ta vaksine

Vi ønskjer at folk skal oppleva det trygt å ta vaksine.

Vaksinasjonen vert gjennomført i Sotra Arena. - Klikk for stort bileteVaksinasjonen vert gjennomført i Sotra Arena. 

Nokre personar har utfordringar når det gjeld å møta til vaksinasjon i ein hall med mange menneske. Vi ønskjer å tilby vaksinering til alle og vil prøva å hjelpa slik at alle skal oppleva at det er trygt å koma for å få vaksine.

Vi har eit eige område i hallen som er skjerma. Der er det mogleg å både få vaksinen og vera til observasjon. Her er det også mogleg å liggja medan ein får vaksine. Vi ønskjer at personar som ønskjer å nytta seg av dette tek kontakt med personalet ved inngangen til hallen. Det er også mogleg å ringja vaksinetelefonen for nærare avtale, tlf. 56 16 00 10.  Foto: Maja Fjell Thomas.