Arbeider med system for registrering av positive sjølvtestar
Dei sentrale styresmaktene har no opna for at personar som har teke tre dosar vaksine mot koronaviruset eller har teke to dosar og gjennomgått koronainfeksjon dei siste tre månadene, skal sleppa å ta stadfestande PCR-test.
Ill. Mostphotos
Øygarden kommune arbeider med å etablera eit elektronisk system for registrering av sjølvtestar.
Inntil dette systemet er på plass, vert alle som har fått positiv testresultat på sjølvtest (hurtigtest) om å kontakta koronatelefonen på tlf. 56 16 00 10 slik ordninga er no.
Ved positiv sjølvtest, skal ein rekna seg som positiv (koronasjuk) og følgja reglane for isolasjon og karantene/testing av nærkontaktar.
Ver merksam på at ny PCR-test ikkje vil ha noko praktisk betydning for koronasertifikatet for dei som har teke tre dosar vaksine mot koronaviruset eller har teke to dosar og gjennomgått koronasjukdom dei siste tre månadene.
Publisert 24.01.2022 11.18