Aktuelt om koronaviruset - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Aktuelt om koronaviruset

Her finn du fortløpande aktuelt om koronaviruset, oppdateringar og andre koronarelaterte saker. Øygarden kommune følgjer råda frå nasjonale styresmakter. 

Her finn du generell informasjon om koronaviruset

Fagstyresmaktene har oppdatert smittevernrettleiarane for barnehage og skule. I dei reviderte rettleiarane er råd og tilrådingar tydelegare og lettare å følgja.

Ill. foto, Mostphotos

I veke 13 (påskeveka) får Øygarden kommune 83 hetteglas Pfizer-vaksine. Dette tilsvarar om lag 500 dosar. I veke 14 (første veka etter påske) får Øygarden 171 hetteglas med Pfizer-vaksine. Dette utgjer om lag 1 030 dosar.

 

Her finn du informasjon om koronavaksineringa i Øygarden. Alle over 18 år som ønskjer koronavaksine, må registrera seg i vaksinasjonskø.

Frå møtet med livssyns- og trussamfunna i dag.

15 personar deltok i dag på videomøtet mellom representantar frå livssyns- og trussamfunn og Øygarden kommune i dag. Ordførar og smittevernlege inviterte til møte for å drøfta smittesituasjonen for koronaviruset i Øygarden.

 

Smittevernlege Jens Eikås

Øygarden kommune er redd for at arbeidsinnvandrarar ikkje har fått med seg at dei har rett på koronavaksine, og kor viktig det er å registrera seg i vaksinekø. Difor har kommunen laga informasjon på norsk, engelsk og polsk.

 

Illustrasjon

Legemiddelverket ber personar som er vaksinerte med AstraZeneca dei siste 14 dagane og som opplever auka sjukdomskjensle med fleire blå flekkar (hudblødningar) meir enn tre dagar etter vaksinasjon å oppsøkja legevakt eller fastlege straks.

   

Her får Katrine Risløw vaksinedosen.  Vaksinatør er anestesisjukepleiar Bent Robert Sørensen.

I dag (26. februar) vart 178 helsearbeidarar i Øygarden vaksinerte for koronaviruset i Sotra Arena.

- Eg er litt spent på om eg får biverknader og ubehag i helga, seier Katrine Risløw som var ein av helsearbeidarane fekk den første vaksinedosen i hallen i dag.

 

Sotra Arena

Den kommunale kriseleiinga (KKL) i Øygarden har vurdert aktuelle lokale for  vaksinasjon mot koronviruset. Det er konkludert med at Sotra Arena vert hovudlokale for vaksinasjonen. Det er også aktuelt på kort varsel å nytta Hjeltefjorden Arena og/eller Spildehallen dersom det vert behov for ekstra lokale.

 

Ill. foto, Mostphotos

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggjarane gratis vaksinasjon.

Smittevernlege Jens Eikås og medisinsk sekretær Victoria Paulsen seier at det er god kapasitet for testing av koronavirus på teststasjonen ved Sotra Arena.

Dei siste par vekene har teststasjonen ved Sotra Arena på kvardagar (måndag -fredag) teke imot mellom 60 og 80 personar som har testa seg for koronavirus. I helgene har dagleg mellom 20 og 40 personar testa seg.

- Fleire bør testa seg. Har du symptom, bør du ringja koronatelefonen, seier smittevernlege i Øygarden, Jens Eikås.

 

Kontakt oss for koronatest


Koronatelefon
Telefon 56 16 00 10
Tast 1 for bestilling av koronatest, 
spørsmål om karantene eller
isolasjon og anna.
NB! Periodevis er det stor pågang,
og det kan oppstå ventetid.

Telefontid måndag til sundag
08.00 til 11.30
12.00 til 15.00
For å unngå kø, ring gjerne etter kl 09.00.


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Legevakt
Telefon 116 117