Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Aktuelt om koronaviruset

Her finn du fortløpande aktuelt om koronaviruset, oppdateringar og andre koronarelaterte saker. Øygarden kommune følgjer råda frå nasjonale styresmakter. 

Status er 248 påviste smittetilfelle i Øygarden kommune sidan mars 2020.

Her finn du generell informasjon om koronaviruset

 

Fram til 6. desember er det innført nye smitteverntiltak i bergensregionen.
Les forskrift her (PDF, 58 kB)

 

Helsestasjonstenesta i Øygarden kommune vil ha redusert drift dei neste to vekene.

Heimetenesta er sett i beredskap. Det fører til at tenester som vert gjevne av heimesjukepleie og heimehjelp, kan verta endra eller falla bort i periodar.

Som følgje av situasjonen knytt til koronaviruset er det inntil vidare redusert høve til kontakt mot byggesaksavdelinga. Byggesaksvakta vil framleis vera open måndag, onsdag og fredag, men med redusert opningstid frå kl. 12 til 13.30.

 

Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger verta testa og skal heller ikkje kontakta helsevesenet, dersom dei ikkje har behov for helsehjelp. Testing er avgrensa til visse pasientgrupper og helsepersonell som får luftvegssymptom.

Kontakt oss om koronaviruset


Koronatelefon
Telefon 56 16 00 10
Bestilling av koronatest, spørsmål om
karantene eller isolasjon og anna.
Måndag til sundag kl. 08.00 til 15.00


Folkehelseinstituttet
Informasjonstelefon 815 55 015


Legevakt
Telefon 116 117