Aktuelt om koronaviruset

Her finn du fortløpande aktuelt om koronaviruset, oppdateringar og andre koronarelaterte saker. Øygarden kommune følgjer råda frå nasjonale styresmakter. 

Her finn du generell informasjon om koronaviruset

Torbjørn Nilsen fekk tips om drop-in-vaksinering, og fekk oppfriskingsdosen på dagen 20 veker sidan dose to. Randi Cederholm er vaksinatør.

Kokk om bord på fiskebåten Ligrunn, Torbjørn Nilsen, nytta seg av drop-in-tilbodet i Sotra Arena på onsdag. Båten låg til kai på Liaskjeret, og då kunne kokken frå Florø nytta høvet til å ta oppfriskingsdosen. 

 

Dagleg leiar George Deeb og faramsøyt Amalie Paulsen ønskjer velkom til vaksinasjon frå måndag 27. desember.

Måndag 27. desember opnar Vitusapotek Sartor Storsenter dørene for vaksinasjon mot koronaviruset i apoteklokalet. Avtalen med apoteket vart inngått 23. desember.

     

 

I Øygarden er det påvist koronasmitte hjå 19 personar i dag, 31. desember. I heile 2021 har vi registrert 2017 smitta personar i kommunen.

 

Vaksinasjonen vert gjennomført i Sotra Arena.

Frå første veke i januar aukar Øygarden kommune omfanget av vaksineringa i Sotra Arena. Målet er å gje oppfriskingsdose med rett intervall til personar over 18 år så raskt som mogleg.

 

Her finn du oppskrift til munnbind som kan nyttast til privat bruk. Munnbindet er ikkje formelt godkjend til helsepersonell, men fungerer godt for å redusera smittespreiinga.

  

Kontakt oss for koronatest


Koronatelefon
Telefon 56 16 00 10
Tast 1 for bestilling av koronatest

Telefontid måndag til fredag
08.00 til 11.30
12.00 til 14.00


Helsenorge
Spør chatboten til helsenorge,
den kan svare på mange spørsmål.


Legevakt
Telefon 116 117