1 757 personar har fått vaksinedose denne veka - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

1 757 personar har fått vaksinedose denne veka

Denne veka (26) har det vore vaksinasjon i Sotra Arena tre dagar (onsdag, torsdag og fredag). Totalt er det gjeve 1 757 vaksinedosar denne veka.

Tre frå vaksinasjonsteamet som var samla i hallen i går. Frå venstre:  Silvia Haugland. Jeanett Marthinussen og Signy Mary Ulland. - Klikk for stort bileteTre frå vaksinasjonsteamet som var samla i hallen i går. Frå venstre: Silvia Haugland. Jeanett Marthinussen og Signy Mary Ulland. 

Det er personar frå gruppe åtte og gruppe ni som har fått dosar i veke 26.

I neste veke (27) held ein fram med vaksinering av gruppe ni (45-54 år). Det vert då vaksinasjon i Sotra Arena onsdag 7. juli og torsdag 8. juli. Øygarden får tildelt 1 386 dosar i neste veke. Framleis er det ein del i gruppe åtte (55-64 år) som ikkje har tinga time.

I vekene 29 til 32 vil Øygarden kommune få tildelt mellom 2 080 og 3 288 dosar pr. veke. For vekene 31 og 32 er det uvisst kor nøyaktig mange dosar kommunen får.

Ifølgje Folkehelseinstituttet er fordelinga til Øygarden slik dei komande vekene (ver merksam på at det særleg for dei to siste vekene er usikre tal):

  • Veke 28: 1 386 dosar
  • Veke 29: 2080 dosar
  • Veke 30: 2 366 dosar
  • Veke 31: 2 378 dosar
  • Veke 32: 3 288 dosar

Jeanett Marthinussen i vaksinasjonsteamet gjev ros til folk som møter opp for å få vaksine.

- Det hjelper godt for gjennomføringa at folk har vore flinke til å fylla ut eigenerklæringa før dei møter opp i hallen. Det lettar arbeidet svært mykje. Eigenerklæringa skal fyllast ut både ved første og andre dose. Eg opplever at folk er blide og nøgde, seier Marthinussen.

Tidlegare helsesjef i Fjell, Terje Handal, hjelper til med trafikkdirigering ved Sotra Arena. - Klikk for stort bileteTidlegare helsesjef i Fjell, Terje Handal, hjelper til med trafikkdirigering ved Sotra Arena. 

Frå veke 29 tek ein sikte på å starta vaksinasjon av gruppe 10 (18-24 år og 40-44 år). Alle som fyller 18 år i 2021 vert bedne om å registrera seg for vaksinasjon om dei ikkje allereie har gjort det.

Dei som har fått vaksinasjon ein annan stad (hjå fastlege, på institusjon eller i annan kommune), kan avregistrera seg elektronisk. Det vil gjera arbeidet for vaksinasjonsteamet lettare. Her kan du sjå korleis du kan melda deg ut av varslingslista.

Tekst og foto: Vigleik Brekke