For gebyr som ikkje vert fastsett på annan måte, eller som skal reknast ut etter medgått tid – jf. regulativet, skal følgjande timesatsar nyttast:
5.1 Regulering
5.1.1 Gebyrplikt og unntaksføresegner
Det skal betalast gebyr for alle private planforslag for arbeid fram til fyrste gongs handsaming.
Det vert ikkje berekna gebyr når hovudføremålet med reguleringsplanen er å avsetje areal som i hovudsak er utan busetnad, til offentleg samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur.
Det vert ikkje berekna gebyr når hovudføremålet med reguleringsplanen er å avsetje areal til bygging eller anlegg regulert til grav- og urnelund, offentleg grønstruktur, vern av kulturmiljø eller kulturminne, særlege landskapsomsyn, naturvern eller friluftsområde.
5.1.2 Timepris
For dei tenester som ikkje er omfatta av dei spesifikke regulativføresegnene gjeld eit gebyr berekna etter medgått tid. Satsen skal dekkje støttefunksjonar og administrasjon av tenesta.
5.1.3 Oppstartsmøte
Både kommunen og tiltakshavar kan krevje oppstartsmøte. Det skal betalast gebyr for oppstartsmøte og undervegsmøte.
5.1.4 Private reguleringsplanar
Saker i høve første kulepunkt som er komplett ved førstegangs innlevering får 30 % rabatt («redusert sats»), jf. Plan- og bygningslova kap. 12.
For planar som krev planprogram og konsekvensutgreiing skal det betalast eit tilleggsgebyr pr søknad. Gebyret gjeld ikkje for statlege reguleringsmyndigheiter som Statens vegvesen, Jernbaneverket ol.
5.1.5 Endring av plan
Ved endring av plan skal det betalast følgjande gebyr. Kommunen avgjer i kvart tilfelle om det er ei mindre eller større endring, og dessutan om endringa er så vesentleg at den krev ny søknad. Er endringane så betydelege at søknaden vert å betrakte som ny sak, vert det betalt fullt gebyr.
5.2 BYGGJESAK
5.2.1 Søknad utan ansvarsrett
Tiltak som krev søknad etter plan- og bygningslova § 20-4, men er unnateke krav om ansvarsrett og kan utførast av tiltakshavar. Herunder:
- Mindre byggjearbeid på bebygd eigedom
- Mellombelse bygg
- Transportable bygg
- Driftsbygningar i landbruket med BRA opptil 1000m2
- Garasjar, leikestover over 15 m2, osb.
- Mindre skilt og reklameinnretningar
- Støttemur under 1,5 m høgde.
- Flytebryggje opptil 15 m2
- Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innafor ein brukseining
5.2.2 Tiltak som er søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20-1a
For saker som er 100 % komplett ved første gongs innlevering vert det gjeve 25 % rabatt («redusert sats»).
5.2.2.1 Bustadbygg og fritidsbustader
5.2.2.2 Næringsverksemd, teneste yting m.v.
Herunder forretningsbygg, kontorbygg, industri, skule og barne- hage, idrettsbygg, bygg for trussamfunn og liknande.
5.2.2.3 Lagerhus, uthus, naust og liknande
Herunder lager, garasje og parkeringshus, uthus, naust og liknande.
I dei høve eitt og same bygg fell inn under fleire punkt, skal gebyr for respektive del reknast etter respektive punkt. Unntaket er dersom det samstundes med bustadbygg under pkt. 5.2.2.1 vert byggemeld garasje/bod/uthus eller liknande. Då vert det ikkje rekna eige gebyr for dette.
5.2.3 Tilbygg til eksisterande bygningar, jf. Plan- og bygningslova § 20-1, pkt. a, b, c og g
For søknader om til- og påbygg som er 100 % komplett ved første gongs innlevering vert det gjeve 25 % rabatt.
5.2.3.1 Bustadbygg og fritidsbustader
5.2.3.2 Næringsverksemd, tenesteyting m.v.
Herunder forretningsbygg, kontorbygg, industri, skule og barnehage, idrettsbygg, bygg for trussamfunn og liknande. For søknader om til- og påbygg som er 100 % komplett ved første gongs innlevering vert det gjeve 25 % rabatt.
5.2.3.3 Lagerhus, uthus, naust m.v.
Lager, garasje og parkeringshus, uthus, naust og liknande. For søknader om til- og påbygg som er 100% komplett ved første gongs innlevering vert det gjeve 25 % rabatt.
5.2.4 Tekniske instalasjonar
Oppføring, endring og reparasjon av tekniske installasjonar som er søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova § 20-1 pkt. f, jf. § 31. Herunder:
- Sanitære anlegg (bad/wc, dusj, vaskerom, badstove)
- Kulde- og varmepumpeanlegg
- Heisar og liknande
- Brannalarmanlegg
- Sprinklaranlegg
- Oljeutskiljarar
- Varmeanlegg, herunder: sentralvarme, røykkanal, skorstein mv., alle typar industriomnar, lagertank under terreng mv.
5.2.5 Andre tiltak
Jf. Plan- og bygningslova § 20-1 pkt. e, h, i, j, k og l.
5.2.6 Dispensasjonar
Søknad om dispensasjon frå reguleringsplanar, utbyggings- planar, kommuneplanen sin arealdel og PBL § 1-8 («100 m-beltet»)
5.2.7 Reviderte teikningar
For tilfelle der det vert sendt inn reviderte teikningar etter at søknaden er godkjent.
Kommunen avgjer i kvart tilfelle om det er ei mindre eller større endring, og dessutan om endringa er så vesentleg at den krev ny søknad. Dersom endringane er så betydelige at søknaden blir å betrakte som ny sak, vert det betalt fullt gebyr.
5.2.8 Igangsetjingsløyve
5.2.9 Førehandskonferanse
5.2.10 Søknad om overføring av areal, oppretting av ny grunneigedom, ny anleggseigedom eller nytt jordsameige
Jf. Plan- og bygningslova § 20-1, pkt. m.
For sakar som krev handsaming etter jordlova vert det fakturert statleg sats, jf. Kapittel 5, pkt. 5.4.2 i gebyrregulativet.
5.2.11 Reviderte kart
For små endringar i areal som vert avdekt under oppmålingsforretning, vert det skrive eit notat på, utan gebyr.
For tilfelle der endringar krev endringssøknad, nytt situasjonskart og nytt delevedtak, vert det kravd gebyr.
5.3 Kart- og oppmålingssak
Jf. Matrikkellova § 30 og 32 med tilhøyrande forskrift § 16.
5.3.1 Oppretting av matrikkeleining
5.3.1.1 Oppretting av grunneigedom og festegrunn
I ein rekvisisjon med fleire enn 5 tomter vert det gitt 10% rabatt frå tomt 6 til 10, og 20% rabatt frå tomt 11. Føresetnaden er at det vert rekvirert og betalt samstundes og at arealet er tilrettelagt og ferdig opparbeid med vegar.
Ved oppmålingsforretning der ein ikkje treng merking og måling i marka vert gebyret redusert med 50%.
5.3.1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn
5.3.1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon
5.3.1.4 Oppretting av anleggseigedom
Anleggseigedom vert definert som ein bygning eller konstruksjon, eller eit avgrensa fysisk volum som er løyva bygd ut, og som er skilt ut med eige gards- og bruksnummer.
5.3.1.5 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning
Når det føreligg særlege grunner, kan ein rekvirent søkja om at det vert oppretta ny matrikkeleining før oppmålingsforretninga er heilt fullført, jf. Matrikkellova § 6.
5.3.1.6 Registrering av jordsameige
Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter medgått tid, jf. Kapittel 5 Timesatsar.
5.3.2 Grensejustering
5.3.2.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomens areal. (maksimalgrensa er sett til 500 m²). Ein eigedom kan ikkje avgi areal som i sum overstig 20 % av eigedomen sitt areal før justeringa. For grensejustering til veg- eller jernbaneføremål kan andre arealklassar gjelde.
5.3.2.2 Tilleggsparsell
5.3.2.3 Anleggseigedom
For anleggseigendom kan volumet justerast med inntil 5 % av volumet, men den maksimale grensa er sett til 1000 m³
5.3.3 Arealoverføring
5.3.3.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneformål.
5.3.3.2 Anleggseigedom
For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ein matrikkeleining til ein annan, ikkje være registrert på ein tredje matrikkeleining. Volum kan berre overførast til ein matrikkeleining dersom vilkåra for samanføying er til stades. Matrikkeleininga skal utgjere eitt samanhengande volum.
5.3.4 Kartlegging av eksisterande grense og kartlegging av rettar
5.3.4.1 Der grensepunkta tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning
5.3.4.2 Der grensa ikkje er koordinatbestemt tidlegare
5.3.4.3 Privat grenseavtale
Billigaste alternativ for rekvirent skal veljast.
5.3.4.4 Gebyr for kartlegging av rettar
Gebyr for kartlegging av rettar vert fakturert etter medgått tid, jf. Kapittel 5 Timesatsar.
5.3.5 Gebyr
5.3.5.1 Betaling av gebyr
Gebyret skal betalast til Øygarden kommune etter rekningsoppgåve frå kommunen. Betaling skal skje etter regulativ og dei satsar som gjeld på rekvisisjonstidspunktet.
5.3.5.2 Betalingstidspunkt
Før innkalling og gjennomføring av oppmålingsforretning skal tilhøyrande gebyr vera betalt. I saker som utløyser dokumentavgift må denne vera betalt før saka vert sendt til tinglysing. Etterfakturering for ekstra grensepunkt må påreknast.
5.3.5.3 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering
For utført arbeid når saka vert trekt før den er fullført, eller av andre grunnar ikkje kan matrikkelførast skal det betalast 1/3 av gebyret. Vert saka avbroten eller trekt etter at det halden oppmålingsforretning skal det betalast 2/3 av gebyret.
5.3.5.4 Mottakar av rekninga
Dersom andre enn rekvirenten skal ha rekning på gebyret, må det føreliggje skriftleg avtale mellom rekvirent og den som skal ha rekningsoppgåva.
5.3.6 Utsett frist for gjennomføring av oppmålingsforretning om vitaren
Tidsfristen som er sett i matrikkelforskrifta § 18 første ledd, løpar ikkje i perioden 1. desember til 1. april, jf. Matrikkelforskrifta § 18 tredje ledd.
5.3.7 Unntak for oppmåling av grunneigedom og festegrunn over 100 dekar
Areal over 100 dekar kan opprettast utan at alle grenser vert merka og målt. Areal dette gjeld må i hovudsak vera frådelt til LNF-føremål. Unntaket gjeld ikkje for areal som er tenkt nytta til utbyggingsformål t.d. bustadområde. Unntaket gjeld heller ikkje grenser mot bustadareal, fritidsbustader eller anna bebyggelse.
5.3.8 Matrikkelbrev
Maksimalsatsane vert sett av Kartverket, og endringar regulert i takt med den årlege kostnadsutviklinga, matrikkelforskrifta § 16 pkt. 4.
5.4 Eigarseksjonering
Endringar i Eigarseksjonslova vert gjort gjeldande frå 01.01.2018. I den nye eigarseksjonslova er sjølvkostprinsippet for gebyr teke inn i lovteksten. Kommunen kan i tillegg krevje gebyr etter reglane i matrikkellova for oppmålingsforretning og matrikkelbrev. Gebyr for tinglysing vert også betalt til kommunen. Vert begjæring om seksjonering avslått, skal tinglysingsgebyret og halvparten av gebyret for seksjoneringa betalast tilbake til søkjar.
5.4.3.1 Oppretting av eigarseksjonar, nybygg
5.4.3.2 Oppretting av eigarseksjonar, eksisterande bygg
5.4.3.3 Reseksjonering
5.4.3.4 Synfaring
5.3.9.5 Sletting/oppheving av seksjonert sameige
Der seksjonering omfattar uteareal som krev oppmålingsforretning vert gebyret fastsett etter gjeldande regulativ for kart- og oppmålingsgebyr punkt 5.3.1.3 (Oppmåling uteareal for eigarseksjon).
Der seksjonering omfattar uteareal som krev målebrev, vert gebyr fastsett etter gjeldande regulativ for kart og oppmålingsgebyr (med fråtrekk av tinglysingsgebyr).