Treng du å få tilpassa bustaden din for å kunna halda fram med å bu der? Då kan du søkja om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar. Les meir om ordninga på heimesida til Husbanken
Slik søkjer du tilskot til tilpasning
Søknadsskjema
Kva skjer vidare?
Du søkjer tilskot gjennom Husbanken sine nettsider. Søknaden blir deretter handsama lokalt av sakshandsamar i kommunen.
I Øygarden kommune er det eining for Service som tek stilling til alle saker som gjeld startlån og tilpasningar. Normal behandlingstid er 4 - 6 veker, men kan vera lengre i samband med høgtider og feriar.
Søknadar vert ikkje rekna som levert, og vert ikkje behandla, før all nødvendig dokumentasjon er motteke.
Klage
Du har rett til å klaga om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vera skriftleg og grunngjeven. Han skal sendast til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong.
Sist endra 30.11.2022 15.18