Helsehjelp

Helsehjelp til asylsøkjarar og flyktningar

Asylsøkjarar og flyktningar i Noreg har rett til helsehjelp for fysiske og psykiske plager, rusproblem og tannbehandling. På nettsida til Helsenorge kan du lesa meir om dette både på norsk, ukrainsk og russisk.

Tilbod om helsehjelp frå kommunen

Kommunen gjev gratis tilbod til ukrainske og russiske statsborgarar som oppheld seg i kommunen og opplever situasjonen som ekstra krevjande og har behov for å snakka med fagpersonar om dette. Kontakt Sotra legevakt på telefon 116 117.
Les meir her.