Busetjing i Øygarden

Prosessen med å ta imot flyktningar frå Ukraina og busetja dei i kommunen følgjer same prosedyrar som busetjing av flyktninger frå andre land. 

Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som ber kommunane om å busetja flyktningar. 

IMDi har bedt Øygarden kommune om å ta i mot 140 flyktningar. Kommunestyret i Øygarden har vedteke å gje kommunedirektøren fullmakt til å ta i mot inntil 250 flyktningar i 2022.

Det er fleire måtar flyktningar kan verta busette i Øygarden på: 

Busetjing via IMDi

Personar som har fått opphaldsløyve, vert busett i Øygarden av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Busetting av mottaksbebuarar - Klikk for stort bilete

Sjølvbusetjing

Personar som har fått opphaldsløyve kan sjølv finna ein bustad og søkja om å få bu i Øygarden. Ein må ta kontakt med kommunen og avklara moglegheitene. Kommunen må også avtala dette med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). 

Avtalt sjølvbusetting - Klikk for stort bilete

Busetjing på eige initiativ

Personar som klarer seg sjølv økonomisk og har ein stad å bu, står i utgangspunktet fritt til å busetja seg på eige initiativ, utan avtale med korkje IMDi eller kommunen. Da har ein ikkje krav på introduksjonsprogram og ein kan også mista rett til andre ytingar.

Privatbuande - Klikk for stort bilete

Alternativ mottaksplass (AMOT)

Personar som kjem til Noreg, får tilbod om å bu på akuttmottak (asylmottak) medan dei ventar på å få vern og opphaldsløyve. I nokre tilfelle kan ein søkja om å bu privat medan ein ventar. Dette vert kalla alternativ mottaksplass (AMOT). Både kommunen og Utlendingsdirektoratet (UDI) må godkjenna ein søknad om alternativ mottaksplass. Her finn du meir informasjon om alternativ mottaksplass