Beredskap

Jodtablettar

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik seier at det er lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg som følgje av situasjonen i Ukraina. Generelt er det tilrådd at alle under 40 år alltid lagrar jodtablettar heime. Les meir om dette på nettsida til Statsforvaltaren i Vestland.

Private tilfluktsrom

Det er fleire private tilfluktsrom i vår kommune. Typiske stader er større bygningar bygd før 90 talet, skular, kyrkjer, kjøpesenter med fleire. Eit privat tilfluktsrom er i hovudsak meint å gje plass til dei som normalt er til stades/oppheld seg på eigedomen.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og Sivilforsvaret har oversikt over private tilfluktsrom.