Alternativ mottaksplass (AMOT)

Du som er på flukt på grunn av krigen i Ukraina og har ein mellombels plass å bu, kan søkja Utlendingsdirektoratet om framleis å bu der i staden for å bu på akuttmottak (asylmottak).

UDI har utvida ordninga med alternativ mottaksplass (AMOT) til å gjelda personar frå Ukraina som er i målgruppa for kollektivt vern og som bur privat eller på andre mellombelse måtar inntil dei vert fast busett i ein kommune. I Øygarden er det mogleg å nytta ordninga med alternativ mottaksplass.

Registrer deg hjå politiet

Søknad om alternativ mottaksplass skal sendast til UDI. Før du søkjer, må du ha registrert deg hjå politiet og fått DUF-nummer og d-nummer. Inntil vidare skal du møta opp på Scandic Kokstad for å registrera deg som asylsøker.

Adressa til hotellet er Kokstadflaten 2, 5257 Kokstad. Les meir her

Du må også ha funne ein stad å bu, til dømes:

  • hjå familiemedlemer som er busett i ein kommune
  • hjå andre private personar som har tilbode stad å bu

Slik søkjer du

  • Det er UDI som skal ha søknaden om alternativ mottaksplass.
  • Du kan søkja så fort du har fått digital ID fra norske styresmakter
  • Bruk skjemaet som heiter «1. Vanlig skjema» på denne sida.

Søk om Alternativ mottaksplass

Kva skjer vidare?

UDI tek så kontakt med kommunen for å spørja om kommunen vil akseptera søknaden om alternativ mottaksplass. Målet er at søknadene skal behandlast raskt.

Dersom kommunen seier nei, vil du framleis ha rett til plass på akuttinnkvartering eller asylmottak.

Dersom du får ja på søknaden, vil du få om lag 2 500 kroner per person i månaden til buutgifter. I tillegg får du pengar til livsopphold i samsvar med satsane frå UDI. Den du bor hjå, får ikkje pengar frå UDI eller kommunen.

Satsar

Følgjande satsar vert lagt til grunn ved utbetaling av livsopphaldytingar til asylsøkjarar som kjem inn under ordninga med alternativ mottaksplassering. Livsopphaldssatsane er dei same satsane som UDI nyttar til bebuarar med søknad om vern under handsaming. Satsane vert vedteke i formannskapsmøte 19. april. 

Satsar for alternativ mottaksplass
Målgruppe Sats livsopphald (kr) Bu-utgifter (kr) Månadleg utbetaling (kr)
Vaksen person, over 18 år 2 688 2 500 5 188
Barn 0 - 5 år 1 494 2 500 3 994
Barn 6 - 10 år 1 999 2 500 4 499
Barn 11 - 17 år 2 536 2 500 5 036

NB! Einslege mindreårige er ikkje omfatta av den utvida ordninga for alternativ mottaksplass. Dersom du er einsleg mindreårig asylsøkjar, kan du søkja om alternativ mottaksplass etter den vanlege (ordinære) ordninga.

Les meir på nettsida til UDI