Stort engasjement for flyktningane

Godt over 50 personar møtte opp på informasjonsmøtet onsdag kveld om flyktningmottak i Øygarden.
- Vi opplevde veldig god støtte. Alle ville stilla opp for flyktningane, seier mottaksleiar på akuttmottaket på Nautnes, Geir Olav Skorstad.

Folk vil bidra med frivillig innsats for flyktningane som kjem til Øygarden. Her frå folkemøtet onsdag kveld. - Klikk for stort bileteFolk vil bidra med frivillig innsats for flyktningane som kjem til Øygarden. Biletet er frå folkemøtet onsdag kveld.  

Om kort tid kjem det 150 flyktningar til Nautnes Fiskevær. På sundag var det folkemøte på Rong, og onsdag kveld var representantar frå frivillige lag og organisasjonar og enkeltpersonar på plass i kultursalen i Øygarden rådhus på Straume.

Ordførar tom Georg Indrevik innleia kvelden og fortalde om møtet med Anna og Anya Novitska som kom til Øygarden 4. mars og fortalde ei sterk historie om flukta frå Ukraina. Onsdag ettermiddag tilrådde formannskapet at kommunen skal busetja inntil 250 flyktningar i 2022. Saka vert endeleg avgjort i kommunestyret 24. mars.

Kulturleiar Christel Møvik-Olsen og rådgjevar Kristoffer Møvik orienterte om organisering av frivillig innsats og om korleis folk kan få kontakt med kommunen og mottaket via nettsida til Øygarden kommune.

Mottaksleiar Geir Olav Skorstad (Hero Norge) er svært godt nøgd med engasjementet folk viser overfor flyktningane som kjem om få dagar.

- Mitt inntrykk er at alle vil stilla. Dette frivillige engasjementet vert det bruk for, seier Skorstad.

Han opplyste at den lokale artisten Olaug Elise Alvheim er tilsett hjå Hero og vil bidra i arbeidet med å organisera det frivillige arbeidet.

I etterkant av møtet vart det etablert kontaktar. Tanja Hagen (nr. to frå venstre) kjem frå Ukraina. Ho har budd i Øygarden frå 2007. - Klikk for stort bileteI etterkant av møtet vart det etablert kontaktar. Tanja Hagen (nr. to frå venstre) kjem frå Ukraina. Ho har budd i Øygarden sidan 2007.   

Viktig med tilbod retta mot barn

Ein av dei som var til stades onsdag kveld var Tanja Hagen som kjem frå Ternopil fylke vest i Ukraina. Ho kom til Noreg og Øygarden i 2007 og har stifta familie her med mann og to barn.

- Det er først og fremst kvinner og barn som kjem. Difor er det viktig at vi prioriterer tilbod retta mot barn. Det kan vera symjing, bruk av open hall, barnehage for å nemna noko. I det heile tatt treng dei som kjem å oppleva tryggleik. Dette er eit familieorientert folk. Eg håpar at eg kan bidra til å gjera flyktningane kjende med den norske kvardagen, seier Tanja.

På møtet vart det mellom anna føreslått at familiar kan vera fadder til flyktningfamiliar. Andre kunne bidra med transport og innsamling av leiker, utstyr og klede.

På møtet var det representantar frå ei rekkje lag, organisasjonar, idrettslag, menigheter/forsamlingar, idrettslag, kor og andre. Alle var innstilte på å gjera ein frivillig innsats for dei som kjem frå det krigsherja landet.


Tekst og foto: Vigleik Brekke