Stor aktivitet på Nautnes

Det er no nærare 100 flyktningar på Nautnes. På torsdag møtte ordførar Tom Georg Indrevik og fleire i administrasjonen leiinga av akuttmottaket og fleire av flyktningane.

Frå venstre; Oleksis Korotuljan, Redko Serhii, Redko Daria, Kyrylenko Kyrylo og Kyrylenko Myro og ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Oleksis Korotuljan, Redko Serhii, Redko Daria, Kyrylenko Kyrylo og Kyrylenko Myro og ordførar Tom Georg Indrevik. 

Mottaksleiar Geir Olav Skorstad hadde det naturleg nok travelt dagen etter at det kom 66 flyktningar til mottaket.

- Vi har ein veldig god stab med mykje kompetanse. Eg opplever også samarbeidet med kommunen som svært godt. Vi er opptekne av bebuarane skal vera nøgde med det tilbodet dei får her, seier Skorstad.

Leiinga av mottaket nyttar bedehuset på Nautnes som samlingslokale for flyktningane.

Kommunen har oppretta legekontor, og der vil sjukepleiarar og lege ha faste opningstider for å gje flyktningane legeteneste.

- Det er nyttig for oss å verta kjend med leiinga i Hero som driv mottaket, våre eigne kommunetilsette som tilbyr helseteneste og flyktningane, seier ordføraren.

47 år gamle Oleksis Korotuljan seier at han har det godt her på mottaket.

- Eg flykta frå Odessa og reiste til Romane, Ungarn, Polen, Tyskland og Sverige før eg kom til Noreg den 26. mars og til sit her på mottaket, seier han.

Monica Pedersen og Kristoffer Møvik i samtale med mottaksleiar Geir Olav Skorstad.  
Status ved inngangen til påske

Koordinator for flyktningmottak, Monica Pedersen, seier at pr. dato handlar det først og fremst om flyktningar som er på akuttinnkvarteringa på Nautnes og alternative mottaksplassar (privat innkvartering). I denne samanhengen er Øygarden vertskommune.

Kommunestyret har vedteke å busetja inntil 250 flyktningar i 2022. Når det gjeld (permanent) busetjing, vil det ta noko meir tid før Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) tildeler flyktningar for busetjing i Øygarden.

- Mange huseigarar i kommunen har gjeve tilbod om utleige av husvære. Når det kjem flyktningar til kommunen som skal busetjast, vil vi ta kontakt med folk som har gjeve tilbod om husvære, seier Pedersen.

Det er også mange som har meldt inn til kommunen at dei kan bidra med frivillig hjelp. Dei som ønskjer å bidra på denne måten eller å gje eller å låna ut utstyr, kan ta kontakt med Olaug på tlf. 902 02 505.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Helsesjukepleiar Liv Hege Pedersen (bak) og sjukepleiar Signy Ulland skal saman med lege sikra gode helsetenester for flyktningane på Nautnes. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete