Tydeleg rørt av det som skjer i heimlandet, kunne Anna fortelja om angrepa mot heimbyen Zjytomyr vest for hovudstaden Kyiv.
Ho og dottera Yana har bak seg ei dramatisk flukt sørover i landet til Romania, seinare via London, Oslo, Bergen og til sist til familien Instefjord på Søre Sæle i Øygarden. Ho har møtt folk på reisa som på underleg vis har hjelpt dei to fram til Unni Instefjord og hennar familie i Øygarden.
Mannen, Eugen, er igjen i Ukraina for å kjempa for landet sitt. Anna svært lite kontakt med mannen som er innkalla i militæret.
- Eg får nokre få korte meldingar på opp til 10 sekund der det står at han er i live. Sjølv kjenner eg på ei skuldkjensle for at eg og Yana no er trygge, seier Anna som naturleg nok er uroleg for mannen som kjempar for landet heime og dei andre som framleis er i det krigsherja landet.
Unni Instefjord har stått i bresjen for eit hjelpearbeid til Ukraina gjennom mange år. Gjennom den lokale hjelpeorganisasjonen Giving Hands er det sendt fire til seks trailerar med hjelpesendingar i året til byen Zhemerinka. Denne byen ligg om lag tre timar køyretid sør for Zjytomyr.
- Også i denne situasjonen skal vi få fram hjelpesendingar til Ukraina, seier Unni Instefjord.
På laurdag var det feiring av fireårsdagen til Yana i Øygarden. På måndag gratulerte ordføraren med overstått fødselsdag og gav pakkar til Yana.
- Vi skal gjera det vi kan for at Yana kan få tilbod om å få vera saman med barn i ein barnehage, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Her er meir informasjon knytt til krigen i Ukraina.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Her er fleire bilete: