No kjem dei første flyktningane til Nautnes

I løpet av torsdag kveld kjem det 28 flyktningar frå Ukraina til akuttmottaket på Nautnes.
- Vi har full bemanning og er klare for å ta imot flyktningane, seier mottaksleiar, Geir Olav Skorstad.

Nautnes - Klikk for stort bilete

Det er Hero Norge som driv akuttmottaket. Det er inngått avtale med Utlendingsdirektoratet om at det kan innkvarterast inntil 150 flyktningar på Nautnes.

Geir Olav Skorstad seier at det er åtte vaksne og 20 barn som kjem torsdag kveld. Han har førebels ikkje fått melding på om det kjem fleire flyktningar med det første, men seier at mottaket er klar til å ta imot fleire på kort varsel.

Ordførar Tom Georg Indrevik er glad for at dei første flyktningane, som kjem til akuttmottak, no er på veg til Øygarden.

- Lokalsamfunnet er klar til å ta imot flyktningane. Kommunen skal bidra med det som er vår oppgåve som vertskommune, seier ordføraren.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Egil Olsvold