Dei første flyktningane frå Ukraina er komne til Øygarden

På fredag kom mor Anna og dottera Yana til Øygarden. Dette er dei to første flyktningane kommunen har fått melding om er komne frå Ukraina.

Fire år gamle Yana og mora Anna er har kome trygt fram til Søre Sæle i Øygarden. - Klikk for stort bileteFire år gamle Yana og mora Anna er har kome trygt fram til Søre Sæle i Øygarden.  

Mannen, Eugen, er igjen i Ukraina for å kjempa for landet sitt. Anna og Yana frå byen Zhithomir er losjerte inn hjå familien Instefjord som har drive med hjelpearbeid til Ukraina i 12 år. Gjennom den lokale hjelpeorganisasjonen Giving Hands er det sendt fire til seks trailerar med hjelpesendingar i året til byen Zhemerinka vest i landet.

- Vi er privilegerte i Noreg som kan hjelpa på denne måten. Yana fyller fire år i dag, og mange har gratulert og vil gje gåver etter at vi gjorde kjent dette på Facebook i går, seier Instefjord. Anna var tolk for Unni då ho var i Ukraina for første gong.

Ordførar Tom Georg Indrevik ønskjer Anna og Yana velkomne til Øygarden.

- Dette viser at flyktningane er på veg. Vi er glade for alle som yter hjelp i den krevjande situasjonen. Eg inviterer Anna og Yana til lunsj og samtale på måndag, seier ordføraren som understrekar at Øygarden vil ta imot så mange flyktningar som det er behov for og som kommunen har kapasitet til.

Anna og Yana kom til Øygarden via Romania, London, Oslo og Bergen. No bur dei hjå familien Instefjord på Søre Sæle.

- Dei to er slitne, men glade for å ha kome trygt til Noreg. Vi gler oss over at folk bryr seg  og vil hjelpa flyktningane, seier Unni Instefjord. Frå mannen Eugen har Anna fått denne meldinga: "I beg you to take care of my girls."

  

Koordineringsansvarleg for flyktningmottak i Øygarden kommune, Monica Pedersen, gler seg over at folk engasjerer seg å melder inn at dei kan gje husrom til flyktningane frå Ukraina.

- Vi har oppretta kontaktadresse for dette, og fleire har allereie meldt seg, seier Pedersen.

Dei som ønskjer å bidra med innkvartering eller å gje anna frivillig hjelp til flyktningar, kan senda e-post: ukraina@oygarden.kommune.no  

Her er meir aktuell informasjon knytt til krigen i Ukraina.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Unni Instefjord