150 flyktningar skal innkvarterast på Nautnes

Frå måndag 14. mars vert 150 flyktningar frå Ukraina innkvarterte på Nautnes i Øygarden. Utlendingsdirektoratet (UDI) har inngått kontrakt med Hero Norge som skal drifta akuttmottaket.

 

Øygarden kommune tek sikte på å arrangera eit informasjonsmøte sundag 13. mars om ettermiddagen. På møtet vil representantar frå mellom anna UDI, Hero Norge, Øygarden kommune delta.

UDI region vest opplyser at det vert oppretta akuttinnkvarteringar på tre hotell i Bergen, eit husværekompleks i Stavanger og på Nautnes. I denne regionen vert det oppretta 1 460 mottaksplassar i denne omgang, der altså 150 av desse er på Nautnes i Øygarden.

Dei 150 flyktningane som kjem til Øygarden, vert innkvarterte frå måndag 14. mars.

- Øygarden kommune er glad for at UDI har funne det mogleg å opna akuttinnkvartering i Øygarden. Vi vil gjera det vi kan for at dei som kjem skal få eit så godt og trygt opphald som mogleg. Kommunen er allereie i gang med å planleggja for flyktningmottak, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

I løpet av veka vert det lyst ut ein ny konkurranse der det vert etterspurt ytterlegare kapasitet for innkvartering av flyktningar.

Tekst: Vigleik Brekke