Tilsyn av barnehagarLytt til tekstenStopp avspillingØygarden kommune fører jamnleg tilsyn med alle barnehagane i kommunen, og kan påleggja barnehagane å retta opp i ulovlege eller uforsvarlege forhald. Målet med å føre tilsyn er å sikre at barna i kommunen får eit tilbod av god kvalitet og at barnehagane følgjer gjeldande lover og forskrifter. Det er barnehageeigar som er ansvarleg for at krav i regelverk vert følgt. Øygarden kommune har eit interkommunalt samarbeid med Askøy kommune om tilsynsordning, og fører kommunane tilsyn med kvarandre sine barnehagar. Det er barnehagemynde ved service, politikk og forvaltning, som har ansvar for at det vert ført tilsyn i kommunen, og som er ansvarleg for å ha naudsynt informasjon om korleis barnehagane i kommunen vert drifta- og indikasjoner på om dette er forsvarleg drift i tråd med gjeldande regelverk. Øygarden kommune har utarbeida ein plan for systematisk tilsyn med barnehagane. Det vert skilt mellom stadlege tilsyn, og dokumentbaserte tilsyn/digitale tilsyn. Stadlege tilsyn er som regel varsla på førehand, men kommunen har også høve til å gjennomføre umeldte tilsyn. Denne type tilsyn vil først og framst verta nytta i høve der det er usikkert om kommunen vil kunne avdekke ulovlege og/eller uforsvarlege forhald ved eit meldt tilsyn. Det er formelle rutinar for korleis eit tilsyn skal gå føre seg, korleis det skal gjennomførast og korleis kommunen skal gi attendemelding etter eit tilsyn. Barnehageeigar får skriftleg melding om tilsyn (sett bort ifrå ved umeldte tilsyn) og vil i etterkant av tilsynet få tilsendt tilsynsrapport og evnt eit skriftleg varsel om pålegg om retting dersom det er funnet forhald som må rettast. Eit slikt varsel om pålegg om retting skal alltid ha ein frist for attendemelding for barnehageeigar. Om dei ulike tilsyna Ulike tilsyn Stadleg tilsyn Varsla, stadleg tilsyn er den vanlegaste formen for tilsyn. Tema for desse vert fastsett av styringsgruppe for interkommunalt tilsyn. Valget er basert på risikovurderingar. Barnehageeigar vert varsla om tilsynet og har tid til å førebu seg. Hendingsbasert tilsyn er basert på ulike hendingar som kan oppstå i ein barnehage. Desse vert ofte utløyst av klager/bekymring frå føresette, tilsette eller andre. Tilsynet kan være meldt eller umeldt. Tilsyn som vert opna på bakgrunn av klage/bekymring må være meldt skriftleg. Digitalt tilsyn Kontroll av årsmeldinga til alle barnehagane i kommunen kvart år. Denne rapporteringa gir tilsynsmynda grunnlag for å vurdere om bhg føljer krav om, til dømes, pedagognorm og norm for grunnbemanning mm. Kan føre til stadleg tilsyn. Elektronisk tilsyn kvar haust for alle barnehagar. I dette tilsynet er det fleire dokumentasjonskrav som vil synleggjere om barnehagen si struktur – og innhaldskvalitet er i tråd med gjeldande lov- og regelverk. Dersom det vert avdekka avvik eller brot på regelverk, vert dette følgt vidare opp, og kan resultere i stadleg tilsyn. Lov og regelverk Lov om barnehagar Forvaltningslova Anna regelverk som er relevant for tilsyn med barnehagar Forskrift om rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skuler Forskrift om sikkerheit ved leikeplassutstyr Sist endra01.02.2021 15.22