Tilpassa tilbod til barn med nedsett funksjonsevneLytt til tekstenStopp avspillingBarn med nedsett funksjonsevne skal ha høve til å delta i barnehagen på lik linje med andre barn. Barnehageloven sin § 2 set krav om at barnehagen skal tilpassa tilbodet sitt ut frå barnet sitt funksjonsnivå, og barnehageeigar har ansvar for at barn med nedsett funksjonsevne får eit tilpassa barnehagetilbod. Ansvaret er avgrensa til kva barnehagen kan gjere innafor dei ordinære rammene.Vi skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna og tilrettelagt barnehagetilbod. Tilpassa tilbod til barn med nedsett funksjon I § 19 g i Barnehageloven står det at kommunen har plikt til tilrettelegging: «Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Plikta til tilrettelegging omfattar ikkje tiltak som inneber ei urimeleg bør for kommunen. Ved vurderinga av om tilrettelegginga inneber ei urimeleg bør, skal det særleg leggjast vekt på tilrettelegginga sin effekt for å nedbygging av funksjonshemmande barrierar, naudsynte kostnadar ved tilrettelegginga og verksemda sine ressursar. Kommunen fattar vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne» Plikt til tilretteleggingTilrettelegging gjeld tiltak som er naudsynte for at barnet skal kunne gjera seg nytte av barnehagetilbodet. Plikta gjeld barn som bur i kommunen og som har barnehageplass.Det er i utgangspunktet foreldre/føresette som i samarbeid med barnehagen melder behov om tilrettelegging av barnehagetilbodet.LovkravFølgjande lovkrav gjeld for vedtak knytt til tilrettelegging av barnehagetilbodet: § 23 i Forvaltningslova: Enkeltvedtak § 18 i Forvaltningslova: Føresette har rett til innsyn i dokumenta som omhandlar saka § 27 i Forvaltningslova: Føresette har klagerett på vedtaket. Fylkesmannen er klageinstansKommunalsjef for Oppvekst fattar vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet.Malar Døme på rapportering (PDF, 185 kB) Rapporteringsmal (PDF, 136 kB) Meldeskjema § 19 g - barnehage (PDF, 158 kB) Sist endra14.05.2020 08.56