Strategi, innsatsområde og kompetansemål

Ei god språkutvikling er avgjerande for den sosiale, emosjonell og kognitive utviklinga. Tryggleik, sosiale relasjonar og leik dannar grunnlaget for eit godt språk i tidleg alder. Eit godt språk er viktig for lese- og skriveutviklinga i skulen og for å meistre livet.

«Når eit barn lærer å forstå og bruke ord, så lærer det samtidig korleis orda vert brukt i ulike sosiale samanhengar. Det språklege og det sosiale vert vevd inn i kvarandre heilt frå den begynnande språklege utviklinga.» (Læringsmiljøsenteret Universitetet i Stavanger).

Det er ein samanheng mellom språkvanskar og sosiale vanskar, og utfordringa kan starte allereie i barnehagealder.  Å kunne sjå og forstå at språk og åtferd og psykisk helse heng saman, er viktig i arbeidet med barn og unge i Øygarden kommune.

Overordna mål

Målet er at barn og unge få god språkstimulering, bli gode lesarar og at talet på ungdommar som fullfører vidaregåande opplæring stadig skal auke.

Språkarbeidet i barnehage og skule i Øygarden kommune skal vere eit universelt tiltak for å gi alle barn og unge god språkkompetanse slik at ein sikrar likeverd, reduserer skilnader og aukar livsmeistringa.

Formål

Vi ønskjer å styrke dei tilsette sin faglege kompetanse i høve språk. Vi vil ha profesjonelle læringsfellesskap i kvar eining som pådrivarar i dette arbeidet. Eit profesjonelt læringsfellesskap har god kjennskap til det som er nytt innan forsking kring språk. Ein god kultur for refleksjon og deling trengs for å utvikle felles praksis og styrke fagleg utvikling.  Endring på avdelingane og i klasseromma er avgjerande for kvaliteten for kva utbyte barn har av språkarbeidet.

Innsatsområde

  • Inkludering: Alle barn og elevar skal oppleve meistring og utvikling i eit inkluderande fellesskap.
  • Tidleg innsats: Barn og elevar skal få rask og adekvat hjelp når ein avdekker at dei strevar med språk, lesing og skriving.
  • Overgangar: Barn og elevar skal sikrast gode overgangar mellom barnehage – barneskule – ungdomsskule.

Kompetansemål