Søkja, endra eller seia opp SFO-plass

Skulefritidsordninga (SFO) er eit pedagogisk tilbod før og etter skuletid for elevar frå 1. til 4. klasse og for elevar med spesielle behov frå 1. til 7. klasse..

Søknadsfristen for hovudinntak er 15. april, men du kan søkja om plass for barnet ditt året rundt. 

Frist for oppseiing/endring av plass er den 15. i kvar månad. Ved oppseiing eller endring av plass etter 15. april, må ein betale for SFO-plassen ut skuleåret.

Søkja, endra eller seia opp plass i SFO

Opningstid

Ordinær SFO er open alle dagar det er skule. Vanleg opningstid er før og etter skuletid frå kl 07.00 (07.30) – 16.30 (17.00 gml Øygarden). SFO har felles planleggingsdagar med skulen. Sjå oversikt over planleggingsdagar her

Ferie-SFO

Her finn du informasjon, pris og søknadsskjema for ferie-SFO

Pris og betaling

Prisar per månad for SFO-plass

Pris og betaling - SFO
Type plass Antall timar Opphaldstid Gjeld frå 01.08.20
Heil plass - Gjeld gml Øygarden 5 Kl 07.00-17.00 2 940
Ordinær heil plass 4,5 Kl 07.00-16.30 2 650
Redusert plass 3,5 Kl 07.00-15.30 2 060
Etter skuletid 3,5 Til kl 17.00 2 060
Etter skuletid 3 Til kl 16.30 1 790
Etter skuletid 2,5 Til kl 15.30 1 500
Morgonopphald 1,5 Kl 07.00 til skulestart 890
Kriseplass (per veke) 750
Dagplass 310
Enkelttimar 80
For sein henting, per påbegynte halvtime 270

Søskenmoderasjon

  • Barn nr 2 - 30 %
  • Barn nr 3 og oppover - 50 %