Informasjon om koronaviruset

Det er oppretta ein servicetelefon for praktiske spørsmål om koronaviruset som ikkje handlar om helse
RING 56 16 00 10 måndag-fredag kl 08-20 og laurdag-sundag 10-16 Lokal informasjon om koronaviruset

Søkje, svare, endre eller seie opp barnehageplass

Nytt barnehageår startar i august. Om du ønskjer barnehageplass frå august, må du søkja innan 1. mars. Du kan søkja om plass i private og kommunale barnehagar.

Viktig å vita før du søkjer

Søk om barnehageplass

Søknadsskjemaet om barnehageplass er elektronisk. Det er same søknadsprosess for kommunale og private barnehagar. Du kan søkja om barnehageplass i Øygarden kommune uansett kor i landet du bur, men barn som bur i Øygarden kommune, vert prioritert.

Søkje, svare eller endre barnehageplass

Takka ja til tilbod om barnehageplass

Du takker ja til tilbod om plass på same stad som du søkte plass. 

Lenkje til å svara finn du på framsida når du har logga deg inn. Du må logge deg inn via ID-porten.

Bytta barnehageplass

Du kan søkja om å bytta til ein anna barnehage. Søkjer du om bytte, vil barnet ditt få plass i ny barnehage når det vert ledig plass. Ved overgang til ny barnehage, må du seie opp den gamle plassen. 

Endre barnehageplass

Ønskjer du å endra barnehageplass (type plass) gjer du det på same stad som du søkte plass. 

Logg inn med ID-porten, gå til fana min side og nedtrekkmeny og plasseringane mine. Der trykkjer du på søk om endra plasstype.

Seia opp barnehageplass

Ønskjer du å seia opp barnehageplassen, gjer du dette direkte til barnehagen inntil vidare. 

Slik blir plassane tildelt

Dei vert tildelt etter prioritet. Informasjon om opptakskriterier og prioriteringar finn du her

Kva om eg ikkje får plass i dei barnehagane eg har vald?

Du vil få tilbod om plass i ein annen barnehage. Ver merksam på at dette berre gjeld om du har svart ja på spørsmålet om du vil ha eit slikt tilbod i søknaden din.

Kva om eg berre ønskjer plass i barnehagar i nærområdet?

Då kan det ta lengre tid å få barnehageplass. Du har rett på barnehageplass i kommunen, men vi kan ikkje garantera eit tilbod i ein av dei barnehagane som du har prioritert.

Dersom eg har fått plass i ein barnehage som eg ikkje har prioritert, kan eg stå på venteliste til den barnehagen eg har som første ønske?

  • Du kan takka ja til plassen, og samstundes stå på venteliste til ein barnehage som du har prioritert høgare.
  • Du kan takka nei til plassen og stå på venteliste til ditt første val av barnehage. NB! Om du takkar nei, har du ikkje rett til eit nytt tilbod om barnehageplass før neste barnehageår.

Svar på søknad

Om du søkjer barnehageplass innan søknadsfristen for hovudopptak, som er 1. mars, vil du få svar i slutten av mars eller starten av april.

Søkjer du etter 1. mars, vert du sett på venteliste og får tildelt plass når barnehagen har ein ledig plass.

Klage

Foreldre/føresette har høve og rett til å klaga på tildeling av barnehageplass eller mangelen på dette. Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage skildrar klageretten og saksgangen til foreldra.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00