Bassengtrening for gravide - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Bassengtrening for gravide

Frisk og gravid i basseng

Ein time lang trening for gravide i Straume terapibasseng med fysioterapeut tysdagar kl. 12.00 - 13.00.

Målgruppe

Gravide innbyggjarar og tilsette.

Kriterium/vilkår

Ein forpliktar seg til å delta på treninga i størst mogleg grad i den perioden ein har fått plass. Dersom ein ikkje lenger ønskjer å nytta seg av tilbodet, skal ein gje beskjed i resepsjonen eller til instruktøren for gruppa.

Ein har plass i gruppa i heile svangerskapet fram til termin. Dersom pågangen vert stor, må ein seia frå seg plassen i veke 37.

Pris

Gravide må betala kr. 300,- i ekspedisjon i bassengavdelinga.

Opptak

Det er kontinuerlig opptak via kommunal fysioterapeut. Send e-post med telefonnummer og termindato til karen.sorensen@oygarden.kommune.no med kopi til liv.moen@oygarden.kommune.no for å melde deg på.