Home-Start FamiliekontaktenLytt til tekstenStopp avspillingHome-Start Familiekontakten (HSF) er eit frivillig tilbod til familiar med små barn, med ulike utfordringar i kvardagen. Dette er eit familiestøtteprogram der familiekontaktar (frivillige) vitjar familiar med minst eitt barn under skulealder, 2-4 timar kvar veke, i 6 mnd. Målet er å styrke foreldra, slik at barna får ein god barndom. HSF er eit supplement til det offentlege hjelpeapparatet. Foto: Home-Start Familiekontakten Om Home-Start Familiekontakten i Øygarden Home-Start Øygarden har to koordinatorar som er ansvarleg for å følgje opp dei familiane som søkjer støtte, og som kursar og rettleier familiekontaktane. Familiane kan ta kontakt sjølv, eller dei får kontakt gjennom til dømes helsestasjon. Dei bestemmer sjølv kva dei ønskjer støtte til, og alle opplysningar behandles konfidensielt. Kven kan bli familiekontakt? Familiekontaktane er menneske med tid til overs, som har stor glede av å vere saman med barn. Dei er sjølv foreldre, eller har anna erfaring med barn. Familiekontaktane gjennomgår eit kurs på minimum 20 timar, leverer politiattest og skriv under på ein taushetserklæring. Home-Start Øygarden treng stadig nye familiekontaktar, og held kurs både vår og haust. Kva gjer familiekontaktane? Det er stor variasjon i kva familiekontaktane gjer på sitt ukentlege besøk. Det primære er å vere eit godt, lyttande medmenneske, vere støttande og bidra til at foreldreansvaret utføres til barnas beste. Du kan lesa meir om Home-Start Familiekontakten på nettsida Homestartnorge.no og på Facebook. Sist endra 30.11.2022 15.16