Ordensreglement

Skulen er vår arbeidsplass der alle skal trivast, kjenne seg trygge og har rett til å lære. Ordensreglementet skal hjelpe oss til å få eit trygt og godt læringsmiljø.

  1. Du har ansvar for å holde deg innanfor skulen sitt område i skuletida.
  2. Du har ansvar for å møte i rett tid til timane,- og passe på å ha med deg dei skulesakane du treng til ein kvar tid.
  3. Du skal vise respekt for skulen sine bøker og utstyr.
  4. Du skal vise respekt for andre og ha omsorg for andre. Dersom nokon kjem opp i konflikt skal du alltid seie frå til ein vaksen. (Opplæringslova § 9a- 1)
  5. Du har ansvar for at mobiltelefon er hos kontaktlærar, og andre personlege ting ligg i skulesekken / hos kontaktlærar til skuledagen er ferdig. Dersom du tek med personlege ting har du erstatningsansvar for dette sjølv.
  6. Du har ansvar for å halde orden på skulen sitt område inne og ute.
  7. Skulen sitt ordensreglement gjeld på skulebussen. Dei yngste elevane skal sitje fremst i bussen.

Ved brot på reglane

  • Den som bryt reglane må stå til ansvar for det, og prøve å gjere det godt igjen.
  • Heimen vert kontakta når det er naudsynt.
  • Ved uforsiktig handsaming eller øydelegging av skulen sitt utstyr skal eleven vere med på å utbetre/ordne/erstatte det som er skada/øydelagd gjennom: Å gjere samfunnsteneste- som å rydde søppel, koste eller liknande eller å reparere/ skaffe nytt/.
  • Ved farleg og uroleg oppførsel på skuleskyssen; som nekting av å bruke setebelte, bråk og sjikanering vil føresette bli kontakta. I lag med foreldre vil skule og heim finne ein passande sanksjon.(SF forskrift 1979-09-21-7)
  • I alvorleg tilfelle kan rektor vise bort ein elev inntil ein dag.(Opplæringslova § 2-10. Bortvising) Fastsett av Samarbeidsutvalet ved Tjeldstø skule 11.02.19 med heimel i lov 17.7.1998 nr. 61 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) §2.9 og delegasjonsbrev av 20.nov 1999 (Opplæringslova § 2-9. Ordensreglement og liknande) Eg har lese ordensreglementet og vil gjere mitt beste for å følgje dette.

 

Ordensreglement 18.06.2019 (PDF, 556 kB)