Byttedag i veke 40

Ta vare på miljøet- få noko du ønskjer deg/treng og gje frå deg noko du ikkje treng lenger!

 

Komande veke er skulen på nytt i gong med MILJØVEKE.
No på hausten er det mest fagleg fokus,  tema: "Livet i havet". 

I tillegg vil klassa ha ein Strandryddedag med plastplukking. Korleis dette blir organisert er opp til kvart trinn.

I vår hadde vi i samband med miljøveka ein BYTTEDAG.

Dette vil vi gjennomføre no på hausten og, før haustferien.


Vi samler inn ting eleven vil bytte, sjå vedlegg, og gjennomfører byttedagen TORSDAG 6. OKTOBER. sjå vedlegg
FAU stillar med kafè denne kvelden. Fin måte å spe på økonomien til FAU.

Innsamlinga skjer i løpet av komande veke, veke 39.