Orientering om vintervedlikehald

Det kommunale vegnettet som skal brøytast i Øygarden kommune er delt inn i 3 rodar. Til saman utgjer dette 33 km.

Kontraktsperioden startar 15. oktober og strekkjer seg til 15.april året etter.

Instruks:

Prosessen skal sikre framkommeligheit for normalt vinterutrusta kjøretøy. Dette vert oppnådd ved å redusere snø og ismengder på vegen samt sikre tilfredsstillande veggrep for trafikkantar.

Brøytestandard:

Det skal brøytast så ofte det er naudsynt for trafikken Brøyting utløysast ved 5,0 cm blaut snø eller 7,5 cm tørr snø. Snøen skal ikkje leggjast igjen i kryss slik at frisikta vert hindra.

Gang/sykkelveg/fortau som er ein del av skuleveg innanfor roden skal vere ferdigbrøyta innan kl. 08.00 på virkedagar.  

Bustadvegar/gangvegar i roden vert brøyta i full vegbredde ved utløysande snømengder. Ved snøvêr om natta skal samlevegar vere gjennombrøyta innan kl. 0600. Utbrøyting til full bredde, brøyting av kryss og busslommer skal utføres umiddelbart etterpå. Brøytinga skal vere fullført innan 5 timer etter at snøfallet har opphøyrt. 

Bustadvegar brøytes etter at samlevegane er gjennombrøyta. Brøyting av gang- og sykkelveg skal vere minst så bra at fotgjengarane ikkje vel å gå i kjørebanen. Utføringa må koordinerast med brøyting av kjørebanen. Fortau, gang- og sykkelveg plasserast i same vegtype som tilhøyrande bilveg.  Skulevegar er som hovudregel samleveg. 

Strøstandard:

Det strøs fortrinnsvis med salt når hensiktsmessige vinterutrusta bilar og personar har vanskar med å kome trygt fram. Entreprenøren held sjølv nødvendig lager for salt.

Parkeringsplassar ved skular og andre kommunale bygg opne for publikum, brøytes og strøs samstundes med tilhøyrande veg.

Andre område, t.d. skulegardar brøytes og strøs berre etter avtale med Teknisk drift og service.

Ansvarleg for brøyting/strøing/salting på kommunale vegar Her finn du kontaktinformasjon.
Ansvarleg for brøyting/strøing/salting på kommunale vegar
NamnTelefonStrekning
Jostein Oen920 88 415Heile Øygarden
Teknisk drift og service Her finn du kontaktinformasjon til einingsleiar og fagleiarane.
Teknisk drift og service
NamnStilling Telefon
Råmund SkjoldKommunalsjef tekniske tenesterE-post56 38 5354/ 413 69187
Knut SemshaugTeamleiar driftE-post992 16095
Tove SolbakkTeamleiar reinhaldE-post56 38 5342/ 488 67955
Andreas KårbøProsjektleiar investeringE-post56 38 5341/ 930 55015
Jon Ivar FriborgProsjektleiar investeringE-post56 38 5340/ 476 60665
Vakttelefon beredskap930 55 010
Vakttelefon vatn992 16 113
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 20.01.2016
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)