Tidlegare/utsett skulestart

Barn startar i grunnskulen det kalenderåret dei fyller seks år.


Foreldra kan søkje om tidlegare eller utsett skulestart for eleven. Eleven har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har kome langt nok i utviklinga si til å starta på skulen. Utsett skulestart tyder at barnet startar i skulen det kalenderåret det fyller sju år.

Tidlegare skulestart tyder at barnet startar på skulen det kalenderåret barnet fyller fem år. For å få tidlegare skulestart må barnet fylle fem år innan 1. april. Det må liggje føre sakkunnig vurdering frå PPT.

Etter søknad kan eleven takast inn ved ein annan skule enn han/ho høyrer til. Søknad vert å senda til den skulen ein soknar til. Det er opp til kommunen å avgjere om elevar skal få innvilga søknad om skulebytte.

PPT - kontaktinformasjon Her finn du kontaktinformasjon om PPT
PPT - kontaktinformasjon
NamnStillingE-postTelefon
Kjersti Jarlind SolheimFagleiar PPTE-post56 38 54 46
Anne Sofie HelgesenPP - rådgjevarE-post56 38 54 76
Ida SeterPermisjonE-post56 38 54 56
Publisert av Silvia Haugland. Sist endra 08.12.2015
Fann du det du leita etter?

Rune Landro

Kommunalsjef - Skule
E-post :