Skulemiljø

Skuleelevar har rett til eit godt fysisk og psyko-sosialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulen skal arbeide aktivt og systematisk med skulemiljøet, og elevane skal engasjerast i dette arbeidet.

Snarveg: Lokalsamfunn med MOT

Les meir om korleis skulane våre jobbar for å få eit godt skulemiljø.

 

Mobbeombod

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø.
Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet i Hordaland heiter Mari-Kristine Morberg. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnets rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Alle kan ta kontakt med mobbeombodet, til dømes på telefon (404 01 557) eller e-post (mobbeombod@hfk.no). Du kan følgje ombodet på Snapchat (mobbeombod) eller Facebook (www.facebook.com/mobbeombodet).

Skular i Øygarden Her finn du kontaktinformasjon til skulane.
Skular i Øygarden
SkuleRektorE-postTelefon
Toftøy skuleArne Petter SolbergE-post56 38 55 50
Rong skuleIngunn Bente LieE-post56 38 55 35
Blomvåg skuleLinda HaugstadE-post56 38 24 50
Tjeldstø skuleLinda FærestrandE-post56 38 55 00
Øygarden ungdomsskuleStein Vidar RisløwE-post56 38 77 25
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 13.08.2018
Fann du det du leita etter?

Rune Landro

Kommunalsjef - Skule
E-post :