Skulestad/skulekrins
Ta kontakt med servicetorget, tlf. nr. 56 38 20 00 om du lurer på kva skulekrins barnet ditt soknar til.
Informasjon om skulestart
Skulane sender kvar vår brev til føresette om førskuledagar og skulestart for nye elevar på 1.trinn. Innskrivinga vert kombinert med førskuledagar i juni. Dersom du ikkje har mottatt informasjonsbrev innan februar frå den skulen barnet ditt skal begynna ved, må du ta kontakt med skulen.
Kommunen tilbyr skulefritidsordning for barn frå 1. - 4. klasse og for barn med funksjonshemming frå 1. - 7. klasse. Opningstid er kl. 07.00 - 17.00.
Barn startar i grunnskulen det kalenderåret dei fyller seks år.
Foreldra kan søkje om tidlegare eller utsett skulestart for eleven. Eleven har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har kome langt nok i utviklinga si til å starta på skulen. Utsett skulestart tyder at barnet startar i skulen det kalenderåret det fyller sju år.
Lenker - skular
Her finn du lenker til lov, foreldreutval for gr.skulen, foreldresamarbeid og elevtalsutvikling.
Skular i Øygarden
Her finn du kontaktinformasjon til skulane.