Forliksrådet for Fjell, Sund og Øygarden

Forliksrådet er ein av domstolane våre. Sivile tvistar skal som hovudregel behandlast av forliksrådet, jf. Tvl.§6-2. Forliksrådet skal alltid mekle mellom partane, og kan også i mange tilfelle seie dom. Både forlik og dom i forliksrådet har rettsverknad, og kan tvangsfullførast via namsmannen. Fjell, Sund og Øygarden har hatt eit felles forliksråd der Namsfogden i Bergen er sekretariat.

Medlemmer

Forliksrådet består av 3 medlemmer og 3 varamedlemmer. Medlemmene i Fjell, Sund og Øygarden forliksråd vert valde av kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden for ein 4-års periode.

Møtefullmektig

Forliksrådet har tre faste møtefullmektigar oppnemnde av kommunen. Desse kan møte dersom ein av partane, i hovudsak klagar (kreditor), ikkje kan. Klagar må sjølv kontakte ein møtefullmektig dersom det er nødvendig. Sekreteriatet for forliksrådet kan informere om namn og kontaktinformasjon til møtefullmektigane.

Sekretariat - Send forliksklage til

Forliksklage skal sendast til sekretariet for forliksrådet i den kommunen den innstemna bur eller har forretningsstad.

Forliksklagar og spørsmål gjeldande tilhøve i Fjell, Sund og Øygarden skal rettast til Namsfogden i Bergen, som er sekratariat. Kontaktinformasjon finn du under. Adressa og opningstider finn du på nettsida til Namsfogden i Bergen.

Meir informasjon

Meir informasjon om forliksråd
 

Høve til klage

Dom i forliksrådet kan ikkje ankast til tingretten, men må reisast på nytt i tingretten, jf. Tvl. § 6-14.

Forliksråd for Fjell, Sund og Øygarden Her finn du kontaktinformasjon til forliksrådet. Namsfogden i Bergen er sekretariat
Forliksråd for Fjell, Sund og Øygarden
TelefonTelefaksE-postNettside
55 21 84 0055 21 84 30bergen.namsfogd@politiet.noNettside
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 23.04.2018
Fann du det du leita etter?