Samhandlingsreforma i Øygarden

- Meir samhandling
- Meir førebygging
- Tidlegare behandling

Bilete av inngongen på Tednebakkane omsorgssenter - Klikk for stort bilete

Bakgrunn

Samhandlingsreforma vart innført 1. januar 2012. Reforma skal sikra gode helsetenester i åra som kjem og dempa kostnadsveksten i helsesektoren. Den skal også betra situasjonen for «svingdørspasientar» som opplever at helsepersonell samhandlar dårleg.

Kostnadane til helse har auka enormt dei siste tiåra. Om ein ikkje tek grep, vil denne auken halda fram med stor fart. Fleire eldre og fleire med kroniske og samansette sjukdomar er viktige stikkord. Om 25 - 30 år vil delen av befolkninga over 80 år doblast samanlikna med i dag. Livsstilssjukdomar som til dømes diabetes, KOLS, psykiske lidingar og rusmisbruk er også i sterk vekst. Regjeringa ønskjer å dempa utgiftsveksten i sjukehusa ved å overføra oppgåver til kommunane. Samhandlingsreforma skal sikra at fleire eldre får betre tenester i nærmiljøet, og førebyggande arbeid skal prioriterast.
 

Kva er dei viktigaste tiltaka?

Frå 2012 vert oppgåver og finansieringsansvar flytta frå staten til kommunane. Kommunane skal medfinansiera 20 % av sjukehusopphaldet for sine innbyggjarar. Betalingsordninga skal motivera kommunane til å avgrensa bruken av dyre sjukehustenester og satsa meir på førebygging. For Øygarden er finansiering av sjukehusopphald rekna til omlag 5 millionar kroner. 

Den kommunale helsetenesta – sjukeheim, heimesjukepleie og legetenesta skal utføra ein del oppgåver som i dag vert utført i sjukehuset. Fleire skal få hjelp i heimen, fleire skal få behandling og rehabilitering i kommunen, og ikkje minst; fleire sjukdommar skal førebyggast og forhindrast.

Mange av oppgåvene er for store og komplekse til at små kommunar kan ta på seg desse oppgåvene åleine. Bodskapen i samhandlingsreforma er difor krystallklar: Samarbeid! Regjeringa oppmodar kommunane om å gå saman om å byggja ut helsesenter regionalt.

Kva vil dette bety for deg?
Du skal først og fremst merka betre samarbeid i helsevesenet. Du vil også få tilbod om meir behandling lokalt eller regionalt, her i kommunen, på Straume, på Askøy eller i Sund. Dei fire kommunane i Region Vest er i forkant av reforma, og har alt etablert omfattande samarbeid for å stå klar til å ta over nye oppgåver.

Gjennom det interkommunale samarbeidet og Helse Bergen er det etablert ei avdeling på Straume for pasientar som treng opptrening og rehabilitering etter sjukehusopphald. Dette tilbodet har fått mykje skryt av brukarane. Det same har dialyseavdelinga som Helse Bergen har opna på Straume. Pasientar som før måtte til Haukeland fleire gongar i veka for behandling, kan no få behandlinga i nærområdet og slepp lange køar inn til byen. 

Sommaren 2012 vart det opna ei avdeling for lindrande behandling på Kleppestø sykehjem. Her vil pasientar og pårørande få heilskapleg hjelp i rolege og heimlege omgjevnadar i ein elles vanskeleg livssituasjon. 

For å kunne gi gode helsetenester lokalt planlegg dei fire kommunane i Region Vest eit Lokalmedisinsk senter på Straume (2015). I tillegg til dei tenester som er skissert over, skal dette senteret også innehalda rehabilitering, læringssenter (korleis leva med sjukdomen sin), lokale tenester for Fjell kommune, og ikkje minst; Helse Bergen vurderer om fleire spesialisttenester, som til dømes røntgen, kan flyttast ut her. 

I 2012 å oppretta kommunen "akuttsenger" på Tednebakkane omsorgssenter for å unngå sjukehusinnlegging for kronikarar eller andre som treng enklare behandling, undersøking eller observasjon. Dette tilbodet skal skje i tett samarbeid med sjukehuset, den lokale legevakta og med godt kvalifisert personale. Dette vil særleg koma kronikarar og eldre til gode, som ofte opplever transporten til og frå sjukehuset er ei stor belastning.

I Øygarden er førebygging sett på dagsorden i stor stil gjennom Lokalsamfunn med MOT, treningsavtale med Peak Fitness der alle ungdomsskuleelevar får gratis trening, aktivitetar i regi av Frivilligsentralen, tilrettelegging av turar og turstiar, treningsgrupper, aktivitetsprosjekt i skular og barnehagar osv. osv. I samarbeid med Hordaland Fylkeskommune har kommunen fått eigen folkehelsekoordinator (Bente Guntveit) som skal koordinera dette arbeidet. I 2012 vart det opna FriskLiv-sentral for å gi hjelp til personar i risikogrupper. Overvektige som røyker, drikk og et usunt, er lite fysisk aktive kan venta seg meir merksemd frå legen og det kommunale helseapparatet. Betre førebygging skal gi "det gode liv" for innbyggjaren - og gjera sjukehusopphald unødvendig. Billegare og betre, meiner helseministeren!

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 04.01.2016
Fann du det du leita etter?