Rusmiddelmisbrukarar

Sosialtenestelova integrerer tenester til personar med rusmiddelproblem i dei generelle tenestene innafor sosialtenesta. Utgangspunktet er at rusmisbrukarar sitt behov for det meste kan dekkast innafor sosialtenesta sitt generelle hjelpetilbod som t.d. økonomisk sosialhjelp, hjelp til mellombels husvære, støttekontakt m.v. Hjelpetilbodet skal tilpassast dine individuelle behov og føresetnader. Formålet er å hjelpe deg å kome ut av problema.

Snarvegar: Legemiddelassistert behandling LAR

Logo, kvit bakgrunn - Klikk for stort bilete

Dersom du treng hjelp til å kome deg ut av rusproblem, kan du vende deg til Nav Øygarden. Her vil du få ein timeavtale med ein rettleiar. I timeavtalen vil rettleiaren i samråd med deg kunne finne ut kva behov du har. Det vil ofte vere naudsynt med tett oppfølgjing gjennom fleire timeavtalar. For at ein skal kunne tilby deg best mogeleg hjelp, er det viktig at du er open og ærleg på rusproblema dine.

Ved evnt. melding frå pårørande om omfattande rusmiddelproblem/misbruk, skal Nav kontoret føreta dei naudsynte undersøkingar i saka og vurdere om det skal fremjast ei sak.

Dersom du ynskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din i tillegg til Navkontoret hjelpe deg med å søkje om dette.

Ta kontakt med NAV Øygarden for timebestilling.

Kontakt med ruskoordinator

For kontakt med ruskoordinator Rus og pyskisk helse sjå kontaktinformasjon under.

 

NAV Øygarden - kontaktinformasjon Her finn du telefon, opningstider, adresse og e-post til NAV. Klikk på e-postlenka for å senda e-post.
NAV Øygarden - kontaktinformasjon
TelefonOpningstidBesøksadr.Postadr.E-post
55553333Måndag, onsdag, fredag:Rong senterPostboks 134E-post
Kl. 10.00 - 14.005331 Rong
Tysdag, torsdag - stengt
Rus og psykisk helse - kontaktinformasjon Her finn du kontaktinformasjon for rus og psykisk helse
Rus og psykisk helse - kontaktinformasjon
NamnStillingE-postTelefonMobil
Sølvi DåvøyFagleiarE-post56 38 54 43930 55 017
Sølvi HolmedalPsykologE-post56 38 54 66948 30 233
Kristina ThorkildsenRus/psykiatriE-post56 38 54 63482 32 831
Else SkjævelandVernepleiarE-post56 38 54 44992 16 112
Kari R. EideMiljøarbeidarE-post56 38 54 63930 59 018
Christer FlagtvedtMiljøterapeutE-postPermisjon482 32 831
Linda BjellandRuskonsulentE-post992 16 104
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 07.07.2017
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)
Eining (1)