Avlastning for barn og unge

Avlastning for born og unge, er eit behovsprøvd hjelpetiltak som vert ytt til omsorgspersonar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Snarvegar: Ternholmsenteret

Vi har i dag ein kommunal avlastningsbustad lokalisert i Tednebakkane omsorgssenter som yter varierande grad av avlastning til barn med ulike hjelpebehov. Avlastningsbustaden har heildøgns bemanning.

Avlastningsbustaden kan og nyttast til butrening for unge utviklingshemma som skal førebu seg til å flytte i eigen bustad. Slike tiltak vil bli nytta til kartlegging av hjelpebehov i eigen bustad. Avlastningsbustaden er heimla etter lov om sosiale tenester kap 4.2 og borna får avlastning ut frå individuelle behov. Avlastningsbustaden vi har i dag er lite eigna og det er ny avlastningsbustad under planlegging.
 

Søknadsrutine:

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting i bustad.

Søknadsfrist:

Søknadar blir handsama fortløpande.

Sakshandsaming:

Før saka kan avgjerast, vil vi gjere ei grundig kartlegging av ønske, behov og ressursar. Sosial -og helsedirektoratet har gitt pålegg om å registrere alle søkjarar og mottakarar av kommunale tenester i eit nasjonalt register kalla IPLOS. Det inneber mellom anna ei funksjonsvurdering som grunnlag for eventuelle vedtak. Du vil ha rett til innsyn i alle dokument i saka etter Forvaltningslovens § 18, første ledd.

Sakshandsamingstid:

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Søknadsskjema - Alle helse og omsorgstenester

Ternholmsenteret Her finn du kontaktinformasjon til Ternholmsenteret
Ternholmsenteret
TernholmsenteretTelefonE-post
Kristin Straume - Avd.leiar56 38 51 50E-post
Bustadtun56 38 51 50
Dagsenter56 38 51 58
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 13.03.2018
Fann du det du leita etter?

Kristin Straume

Leiar
E-post :  
 

 

Artikkel (1)