Sjukeheim - Langtidsopphald

Dei som ikkje får dekka sitt daglege behov for pleie og omsorg ved heimebaserte tenester, kan søke om langtidsopphald i institusjon.

 

Korleis søke om plass?

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om langtidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden.

Søknadsskjema - Langtidsopphald sjukeheim

Søknader blir handsama i tildelingsmøte kvar måndag. 

Kartlegging av behov 

Før saka kan avgjerast, vil vi gjere ei grundig kartlegging av ønske, behov og ressursar. Ved tildeling av plass må hjelpebehovet du har, gå fram av vedtaket. Eit avslag skal vere grunngjeve.
 

Behandlingstid 

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
 

Klageadgang

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket.

I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør skildre kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Klageskjema - Enkeltvedtak
 

Ansvarleg for tildeling

Konsulent Sølvi Sangolt Førde, tlf 56 38 23 00
Einingsleiar Britt-Jorunn Landro, tlf 56 38 23 03 / 908 25 200 
 

Søknad vert å senda til:

Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong 

- Gebyr og brukarbetalingar
- Informasjon om eigenbetaling for opphald i institusjon (PDF, 172 kB)

Sjå også:
Sjukeheim - Korttidsopphald
Pleie- og omsorgstenesta
Tednebakkane omsorgssenter

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 05.01.2016
Fann du det du leita etter?