Øyeblikkeleg hjelp til pasientar med kroniske lidingar

TILBOD PÅ TEDNEBAKKANE OMSORGSSENTER

Samhandlingsreforma gav kommunane ei ny oppgåve; å gi døgnopphald til pasientar med kroniske lidingar og som har behov for øyeblikkeleg hjelp eller behandling. Det kan vera pasientar med KOLS, alle former for lungebetennelse, smertelindring, og eldre med samansette lidingar.

Til no har desse pasientane fått behandling på sjukehus, men målet er at desse kan få like god eller betre behandling i ei kommunal seng. Særleg er det grunn til å tru at eldre eller kronikarar kan ha utbytte av lokal behandling framfor hyppig og til dels krevjande transport til sjukehuset.

I samarbeid med Haukeland Universitetssjukehus har Øygarden kommune teke i bruk ei seng på Tednebakkane omsorgssenter til desse pasientane. Opphaldet skjer i tett samarbeid mellom legekontoret og sjukeheimen, og vakthavande lege har ansvar for innlegging og behandling. For å sikra god og rett behandling får både legar og sjukepleiarar opplæring på Haukeland sjukehus. I tillegg har legen tett samarbeid med sjukehuset ved vurdering og behandling av pasienten når det er behov for det. I dei fleste tilfelle vil det vera ein stor fordel at pasienten vert behandla av det lokale legekontoret som kjenner pasienten godt.

Kommunen ser fram til å kunne gi pasientar med kroniske lidingar eit godt lokalt alternativ til sjukehusopphald.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 04.01.2016
Fann du det du leita etter?