Privatavlastning og ferieavlastning for barn og unge

Avlasting er eit hjelpetiltak for barn og unge med særskilde behov, men kjem ikkje inn under barnevernstiltak. Avlastninga vert ytt til omsorgspersonar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid, t.d til barn med nedsett funksjonevne.

Avlasting skal gjere det mogeleg å oppretthalde gode familierelasjonar, gje pårørande naudsynt og regelmessig fritid og ferie, og hindre utmatting hjå omsorgsgjevaren. Tenesta er behovsprøvd. 

Søknadsskjema - Alle helse og omsorgstenester

Ein kan også kontakta rehabiliteringskonsulenten og tinge ein time. Avlasting vert handsama etter at sakshandsamar har hatt møte og / eller vurderingsbesøk i heimen. 

Vurdering er for å møte barnet i eigne naturlege omgjevnader.
I timeavtalen må du gjere greie for behovet for avlasting og du vil kunne få nærare orientering om føresetnadane for å få innvilga avlasting og kva ein eventuelt kan tilby av teneste.

Rehabiliteringskonsulent - Kontaktinformasjon Her finn du kontaktinformasjon til rehab.konsulenten.
Rehabiliteringskonsulent - Kontaktinformasjon
NamnStillingTelefonE-post
Eva Bildøy KronheimRehab. konsulent56 38 23 05E-post
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 13.03.2018
Fann du det du leita etter?