Avfall/renovasjon

Kommunale tenester knytt til offentleg renovasjon er levert gjennom selskapet FjellVAR (vatn, avløp og renovasjon). Selskapet er ansvarleg for innsamling og gjenvinning av avfall, i tillegg til planlegging, utbygging og drift av 18 returpunkt og ein gjenbruksstasjon.

Snarvegar: Farleg avfall - Renovasjonsforskrifta (PDF, 85 kB)

Renovasjonskalender/tømmekalender

Renovasjonskalendaren vert sendt til alle husstandar. Servicetorget har også kalendaren til utdeling.

Last ned renovasjonskalenderen (PDF, 98 kB)

Tømmekalender på app

Søk opp FjellVAR tømmekalender i App Store eller Google Play. Vel Øygarden eller Fjell kommune ved innstallasjon. I appen ligg informasjon om gjenbruksstasjon, returpunkt og tømmekalender for din sone.

Returpunkt i Øygarden

Stad Avfall som kan leverast
Returpunkt
Steganeset Hermetikk, glass
Hydro-stasjonen Rong (på nedsida) Hermetikk, glass, farleg avfall
Blomøyvegen 117 Hermetikk, glass
Kystmuseet Hermetikk, glass
Kvernepollen Hermetikk, glass
Miljøstasjon Tjeldstø Avfall som kan leverast
Solberg hyttefelt Hermetikk, glass
Nautnes kryss (ved busskuret) Hermetikk, glass
Nordre Sæle Hermetikk, glass
Hellesøy ved rorbuer Hermetikk, glass
Hellesøy kai Hermetikk, glass

 

Gjenbruksstasjon

Om du har større mengder avfall som til dømes hageavfall, møblar, interiør, bygge- og riveavfall kan du levere dette til FjellVAR på Straume.
 

Gebyr for offentleg vatn, avløp og renovasjon vert fakturert av Øygarden kommune.

Kommunale gebyr og brukarbetalingar (PDF, 319 kB)

Posar til matavfall og sekkar til plast

Posar til matavfall og sekkar til henting av plast kan hentast på servicetorget på rådhuset, Rong.

Kompostering

Ved avtale om heimekompostering får du reduksjon i renovasjonsavgifta. Kompostbinge må skaffast sjølv.
Ønskjer du å inngå avtale om heimekompostering signerer du kontrakt om heimekompostering og leverer den til Øygarden kommune.

Om FjellVAR

Selskapet skal stå for forvalting, planlegging, utbygging og drift av vass- og avløpsanlegga i Øygarden  kommune, og skal vere ansvarleg for innsamling og gjenvinning av avfall.

FjellVAR sørgjer for å levere drikkevatn av svært god kvalitet, og dei tek hand om avløpsvatnet og reinsar dette. FjellVAR byggjer ut nye anlegg for vassforsyning og avløpshandtering. Heile aktiviteten blir finansiert gjennom vass-, avløps- og renovasjonsgebyra.

Renovasjon FjellVAR driftar renovasjonstenestene i Øygarden kommune frå 1. mai 2018. Her finn du kontaktinformasjonen til FjellVAR
Renovasjon
NamnTelefon
Ekspedisjon56 31 59 30
E-postpostboks@fjellvar.as
Heimesidewww.fjellvar.as
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 27.05.2019
Fann du det du leita etter?