Miljøfyrtårn - sertifisering

Beskriving

Miljøfyrtårn er ei sertifiseringsordning som hjelper private og offentlege verksemder til å drive miljøvenleg og samstundes lønsamt. Ein godkjend konsulent hjelper deg med å finne fram til effektive miljø- og klimatiltak. Verksemda di blir godkjend av ein offentleg sertifisør. Sertifikatet kan du tinge frå Stiftinga Miljøfyrtårn og blir utferda av sertifisør og ordførar i kommunen. 

Auka kjeldesortering og gjenbruk, redusert energibruk og redusert sjukefråvere er positive resultat som ein oppnår gjennom sertifisering. Stadig fleire offentlege instansar og private firma stiller krav til leverandørane sine om at dei er miljøsertifiserte.

Oppdatert

29.09.2017 11:54

Rettleiing

Verksemda kontaktar ein miljøfyrtårnkonsulent som hjelper til å velje bransjekrav. Det er utvikla krav innanfor ulike bransjar (for eksempel røyrleggjar, hotell, barnehage og skule). Med støtte frå konsulenten gjennomfører verksemda så ein miljøanalyse. Når verksemda oppfyller krava, kontaktar konsulenten kommunen sin sertifisør. Verksemda blir sertifisert og rapport blir sendt til Stiftinga Miljøfyrtårn, som registrerer sertifiseringa og sender sertifikat til kommunen. Etter tre år skal verksemda resertifiserast. Kvart år sender verksemda ein miljørapport med handlingsplan til Stiftinga Miljøfyrtårn.

Referansar

Sist endra 15.10.2019
Fann du det du leita etter?