Nærings og miljøtiltak i skogbruket

Hovudtrekk i forskrifta om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket:

Tilskot skal stimulere til auka verdiskaping i skogbruket samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen vert ivaretekne og vidareutvikla.

Tilskot kan som hovudregel gjevast til alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog. kommunen kan setje vilkår for utbetaling av tilskot til det einskilde tiltak.  

Søknadsfristar

Søknadsfristar for tilskot til skogsvegar: 15 mars og 15 sept. Andre tiltak 31. mars. 

Tilskot til skogkultur:

Tilskotssatsen vil vere i intervallet 50 - 70 % av kostnaden. Då kommunen får avgrensa midlar å bruke  til skogkultur, vert det uråd å fastsette tilskotsprosenten før ein veit kva omfang skogkulturtiltaka har. Av nemnde grunn ynskjer kommunen ei best mogleg oversikt, difor bør søknad-/meldingsfristen 31. mars haldast.

Skjema frå Statens landbruksforvaltning

Landbruk og miljø Her finn du kontaktinformasjon for landbruk og miljø.
Landbruk og miljø
NamnTittelE-postTelefon
Inger-Lise Oen Hellesund SæleSakshandsamarE-post56 38 53 49
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 04.01.2016
Fann du det du leita etter?