Skjenkeløyve

Dei som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol må ha eit serverings- og skjenkeløyve. Vanlegvis vert skjenkeløyve gitt for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.

Snarveg: Servicetorget

Alle eksisterande skjenkestader i kommunen må søkje på nytt kvart fjerde år om skjenkeløyve. Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart av verksemda. Søknad om skjenkeløyve skal opp til politisk handsaming. 

Øygarden kommune har vedteke ein eigen alkoholpolitisk handlingsplan (PDF, 1015 kB), der retningsliner for alkoholpolitikken er nedfelt.

Skjenketidene i Øygarden kommune:

skjenking av øl og vin frå kl. 08.00 - 02.00
skjenking av brennevin frå kl. 13.00 - 01.00
skjenking av øl og vin er forbode mellom kl. 03.00 - 06.00
skjenking av brennevin er forbode mellom kl. 03.00 - 13.00

Skjenkeløyve - Søknad
Skjenkeløyve - Rettleiing til søknad (PDF, 8 MB)

Ambulerande skjenkeløyve - Rettleiing
Allment einskild løyve - Rettleiing (PDF, 172 kB)

Elektronisk søknad om ambulerande og einskild sjenkeløyve

Servicetorget - Kontaktinformasjon Her finn du kontaktinformasjon til Servicetorget.
Servicetorget - Kontaktinformasjon
AvdelingTlfE-post
Servicetorget56 38 20 00E-post
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 15.05.2017
Fann du det du leita etter?
Artikkel (2)