Tilskotsordningar - Kultur

Øygarden kommune har gode tilskotsordningar for lag og organisasjonar, i tillegg til lokale midlar abonnerer kulturkontoret på Tilskotsportalen som er ein søkbar katalog med nærare 3000 tilskotsordningar. Alle som bur i kommunen får gratis tilgong til denne, i portalen får ein tilgong på tilsaman 10 milliardar kroner.

Det er elektroniske søknadsskjema for dei fleiste tilskot.

 Søknadssenter

Etter søknad kan Utval for Levekår yte stønad til personar, organisasjonar, foreningar, lag og institusjonar  lokalt i kommunen.

Kulturtiltakspotten er auka med kr: 50 000,- til inkluderingstiltak, når ein søker disse midlane må ein vere tydeleg i søknaden at dette er tiltak retta mot barn og unge som ellers ikkje hadde hatt høve til å delta.

Øygarden kommune abonnerer også på Tilskotsportalen, alle som bur i Øygarden får gratis tilgong til denne. Viss du søkjer andre; fylket/privat næringsliv/stiftelsar (bruk tilskotsportalen) vil Øygarden kommune stille med tilsvarande sum. Maksbeløp kommunen kan stille med er kr. 40.000,- på kulturtiltak. Søknadene du har sendt må leggjast ved som kopi i søknaden til Øygarden kommune.

Tilskotsportalen

Generelle krav knytt til søknadar om tilskot/stønad:

Søkjar må bruka elektroniske skjema der det er eit krav.
Søkjar må overhalde søknadsfristane til dei einskilde ordningane.
Søkjar må ha organisasjonsnummer for å søkja om driftstilskot.

Vilkår for tilskot

Alle som mottek tilskot frå kulturkontoret må oppfylla følgjande vilkår:

  • Tildelte midlar skal nyttast i tråd med søknaden.
  • Lag og organisasjonar som mottek tilskot frå kulturkontoret pliktar å opplysa om dette i marknadsføring, trykksaker, årsmeldingar og eventuell annonsering.
  • Alle lag og organisasjonar som mottek tilskot frå kulturkontoret må godkjenne ledsagerbevis på sine arrangement.
Tilskot Søknadsfrist Retningsliner Skjema
Tilskotsordningar
Driftstilskot 19. mai Retningsliner driftstilskot (PDF, 36 kB) Skjema
Kulturminne 19. mai Retningsliner kulturminne (PDF, 31 kB)  
Nærmiljømidlar 15. august Retningsliner nærmiljømidlar (PDF, 23 kB) Skjema
Kulturtilskot 15. august Retningsliner kulturtilskot og tiltak (PDF, 28 kB) Skjema
Utviklingsstipend 15. oktober Retningsliner utviklingsstipend (PDF, 105 kB)  
KVIKK-tilskot Ingen Retningsliner KVIKK-tilskot (PDF, 23 kB)  


Dersom same lag søkjer ulike driftstilskot/tilskot ved kulturkontoret vil ein sjå desse søknadene i samanheng.

Kulturkontoret har ein eigen database for registering og/eller endring av lagsopplysningar. Alle endringar skal meldast fortløpande til kulturkontoret på mail, eller førast diekte inn på web-løysinga til kommunen.

Kulturkontoret oppmodar alle lag og organisasjonar om å benytte kulturkalenderen på heimesiden til kommunen; legg inn arrangementet ditt sjølv, slik at vi har oversikt over kva som skjer. Biblioteket i Øygarden har også ein arrangementskalender, send gjerne ein e-post til biblioteket i tilegg slik at ditt lag er synleg i kommunens informasjonsmateriell.

Publisert av Christel Møvik-Olsen. Ansvarleg Servicetorget. Sist endra 18.05.2016
Fann du det du leita etter?