Sentralarkivet i Øygarden

Sentralarkivet i Øygarden kommune er lokalisert på rådhuset. Sentralarkivet har ansvar for alle arkivseriar frå kommunen vart oppretta i 1964.

Arkiv frå tidlegare Herdla kommune og  Hjelme kommune er plassert på Kystmuseet i Øygarden.

All post til og frå Øygarden kommune vert ekspedert via sentralarkivet. Sentralarkivet skal dagleg leggja ut ei offentleg postliste på kommunen si heimeside.

I samband med "forskrift om offentlege arkiv av 11. desember 1998 § 2-2" skal alle offentlege organ ha ein ajourført samleplan som vert kalla arkivplan.

Arkivplanen skal visa :

  • Verksemnda sin historikk og organisering
  • Kva arkivet omfattar, dvs. kva slags papirbasert og elektronisk    materiale som inngår i arkivet og kva gjenfinningsmidlar som er i bruk og har vore brukt
  • Korleis arkivet er organisert, dvs. korleis arkivmaterialet er ordna og strukturert og korleis det er oppstilt
  • Kva instruksar og reglar som gjeld for arkivarbeidet, dvs. ei oversikt over gjeldande lov- og regelverk samt interne instruksar
  • Dokumentasjon for elektroniske register og databaser.

    Her finn du arkivplanen til Øygarden kommune.

    Kystmuseet i Øygarden er depot for private arkiv i Øygarden kommune. Kontaktperson er Vigleik Røkke Mathisen
    E-post. vigleik@museumvest.no. Telefon: 56 38 50 59.

    E-post:  Sentralarkivet

Tilsette sentralarkivet Her finn du oversyn over dei tilsette i s.arkivet.
Tilsette sentralarkivet
Namn:Telefon:Stilling:Hovudansvar for:
Birte Young56 38 53 31/952 46628Fagansvarleg arkivSystemansvarleg Websak,depotansvarleg
Berit Svellingen56 38 53 33ArkivarSakarkiv, personalarkiv, avtalearkiv, Barnevern
Anne H. Hansen56 38 53 32ArkivarElevarkiv, Friskliv, Psykisk helse, PPT, og fam.senter
Torill N. Hellesund56 38 54 11ArkivarGNR/BNR arkiv

 

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 07.06.2016
Fann du det du leita etter?