Øygarden bibliotek - Utlånsreglar

Låneregnement for Fjell folkeboksamling, Sund folkebibliotek og Øygarden bibliotek

Lånerett

Alle har rett til å bruka folkebiblioteka sine samlingar og tenester. Utlån og bruk skal vera gratis for lånar. Biblioteka tek betalt for utskrifter og kopiar. Ein kan få lånekort ved å leggja fram godkjent legitimasjon. Born kan få lånekort frå 1. klasse. Lånar under 15 år må ha
underskrift fra føresette. Biblioteket må få melding om adresseendringar og tapte lånekort.
Kortet skal visast fram ved lån og ved bruk av internett.

Lånetid


Vanleg lånetid er :

 For video, filmar og cd-rom1  2 veker
 For språkkurs  8 veker
 For bøker, lydbøker, musikk og tidsskriftet  4 veker

Video og CD-ROM er merka med tilrådde aldersgrenser. Lånaren Har ansvar for at desse vert haldne. Biblioteket er ikkje ansvarleg dersom lånt materiale fører til skade på avspelingsutstyr. Elles blir lån av video regulert av dei gjeldane reglane ved det einskilde bibliotek.
Lån kan fornyast dersom det ikkje er venteliste. Biblioteket har rett til å korte ned lånetida for nye bøker med 14 dagar.

Reservering

Bøker og anna materiale som er utlånt kan reserverast. Du får melding i posten
Når materialet kan hentast. Det må hentast innan ei veke.

Lån frå andre bibliotek

Bøker som ikkje er i samlinga vår, kan som regel tingast inn frå andre bibliotek. Dette gjeld ikkje pensumlitteratur for studentar ved høgskular og universitet. Via internett har vi tilgang til utenlandske bibliotek sine databaser og samlingar. Ta gjerne kontakt med biblioteket ei tid før du treng litteraturen.

Lånarens plikter

Det du låner, er du ansvarleg for. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast. Spesielt vil vi be deg passe lånetida, slik at andre kan få høve til å lesa bøkene/nytta materialet.
Dersom du ikkje passar lånetida, må du betala gebyr fastsett ved det einskilde
bibliotek. 3 varsel før rekning (erstatningskrav)

Tilsette Øygarden bibliotek her finn du kontaktinformasjon til tilsette på biblioteket. Hovudnummer: 56 38 22 20
Tilsette Øygarden bibliotek
NamnStillingE-postTelefon
Kari FauskangerBiblioteksleiarE-post56 38 22 20
Elisabeth E. SæleBibliotekarE-post56 38 22 20
Trine TorsvikSkulebibliotekarE-post56 38 22 20
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 04.01.2016
Fann du det du leita etter?