Bygdebokprosjektet i Øygarden

Øygarden kommune har satt i gong eit bygdebokprosjekt for heile kommunen. Det skal skrivast fem band, fire med gards- og ættesoge, samla omfang rund 2000 sider og eit band med allmenn, omfang om lag 700 sider.


Bilete teken frå vågen mot museet - Klikk for stort bilete

Skjema

Bygdebok for Øygarden - Skjema for person- og busetnadsopplysningar - Elekronisk skjema
Bygdebok for Øygarden - Skjema for person- og busetnadsopplysningar - PDF-versjon (PDF, 341 kB)
Bygdebok for Øygadren - Følgjeskriv til alle husstandar

Informasjon om prosjektet

Arbeidet skal avsluttast innan utgangen av 2024.
Yngve Nedrebø er prosjektleiar for prosessarbeidet og saman med bygdeboknemnda vil han styre arbeidet fram etter stø kurs.
Bygdeboknemnda består av ein representant frå sogelaget, ved Kjell Alvheim, ein representant frå Kystmuseet ved Bjørg Christophersen, ein historikar, forfattar v/ Halvor Skurtveit og kulturleiar Christel Møvik-Olsen er prosjekansvarleg.

Bygdebokarbeidet skal ikkje berre ha som mål å få trykt bøker med tekst og foto. Målet er at prosjektet skal aktivisere mange av innbyggarane. Vi ønskjer at innbyggjarane skal ta del og føle eigarskap i prosjektet. Nemnda skal legga opp til formidlingsaktivitetar i samarbeid med t.d. sogelaget, Kystmuseet og Havstrilen. Skulane kan og vere naturlege samarbeidspartnarar.

Statsarkivet.jpg - Klikk for stort bilete




 

Det er naturleg å legge ut informasjon om prosjektet, framdrift og arbeid på denne nettsida. Her kan ein legge ut kontaktinformasjon, fotografi, skjema, artiklar og kjeldetilfang.
Via Facebook kan nemnda invitere til møter og liknande aktivitetar. Der kan ein invitere lesarane til sjølve å skrive, legge inn foto og anna stoff, komme med kommentarar og stille spørsmål.

Nemnda ønskjer å halde ideen om bygdeboka levande. Vi håpar at alle skal kjenne eit eigarskap til bygdebokprosjektet VÅRT.

Bygdebok for Øygarden - Skjema for person- og busetnadsopplysningar - Elekronisk skjema
Bygdebok for Øygarden - Skjema for person- og busetnadsopplysningar - PDF-versjon (PDF, 341 kB)
Bygdebok for Øygadren - Følgjeskriv til alle husstandar (PDF, 111 kB)

Har du gamle bilete frå Øygarden, eller kjenner du nokon som har? Har du kunnskap om folk og levemåte frå gamalt av? Då kan du bidra i arbeidet med dei nye bygdebøkene. På biblioteket i Øygarden tar dei i mot gamle bileter, så sant dei rekker det skannar dei bilete medan du ventar.

 

Publisert av Christel Møvik-Olsen. Sist endra 25.03.2019
Fann du det du leita etter?