Basseng/badeanlegg

Frå terapi-bassenget i Rådhuset - Klikk for stort bilete Øygarden kommune har to basseng, derav eit vanleg basseng og eit terapibasseng. Øyane symjeklubb driftar begge desse anlegga.

Bilete frå symjehallen i kulturhuset - Klikk for stort bilete Bassenget i kulturhuset (Rong)

Øygarden kommune har treningsbasseng på 25 x 12 meter. Det er ikkje tribuneplassar i hallen og dette gjer at ein ikkje kan arrangere stemner i kommunen.

Telefon: 56 38 73 00

Born under 10 år må ha følgje av vaksne.

Billettluka opnar 10 min. før kvar bading og er ope i 15 min etter.

Garderoben må vera tom til kl 21.00 grunna reinhald.

Øygarden Symjeklubb har symjeundervisning for barn til andre tider.
 

Opningstider og prisar

Her finn du opningstider og prisar for bassenget i kulturhuset. Du vil då bli ført til Øyane svømmeklubb si side då det er dei som driftar bassenga.
 

Bading for grupper

Desse har avtale om bading utanom opningstida for publikum:
Barnehagane, skulane, rehabiliteringsavdelinga, frisklivssentralen, psykiatritenesta og handikaplaga.

Her finn du oversikt over tidspunkt for bading for ulike grupper (PDF, 48 kB).

 

Terapibasseng i rådhuset (Rong)

Boblebadet i terapibassenget - Klikk for stort bileteBoblebadet i terapibassenget Terapibassenget er eit godt tilbod til dei som slit med helseproblem. Bassenget held ca 37 grader. Det er og eit tilbod om boblebad med plass til 8 personar.

Vi gjer merksam på at terapibassenget har ei grense på 15 personar. Det kan difor vera naudsynt å avvisa folk, dersom det er fullt.

Telefon: 56 38 54 08.

Inngong er på nedsida av rådhuset.

Opningstider og prisar

Her finn du opningstider og prisar for terapibassenget. Du vil då bli ført til Øyane svømmeklubb si side då det er dei som driftar bassenga.
 

Babysymjing:Babysvømming - Klikk for stort bileteBabysvømming

Øyane svømmeklubb arrangerer babysymjing i terapibassenget. Sjå Øyane svømming sine sider for påmelding og informasjon om kursa.
 

Bading for grupper

Desse har avtale om bading utanom opningstida for publikum:
Barnehagane, skulane, rehabiliteringsavdelinga, frisklivssentralen, psykiatritenesta og handikaplaga.

Her finn du oversikt over tidspunkt for bading for ulike grupper. (PDF, 48 kB)  

Kart
Øygarden kulturhus
Kart
Rådhuset
Ternholmvegen 2
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 21.11.2017
Fann du det du leita etter?