Vern for eldre

Ring nasjonalt nummer 800 30 196 kor du kan være anonym innringjar når du har vore eller er utsatt for vold og trakassering i nære relasjonar.

Eige nettside: www.vernforeldre.no

Vern for eldre er bemanna med vernepleiar med kompetanse på eldre og krisearbeid. Viss alarmmottaket vurderer at henvendelsen ikkje kan vente til neste dag, vil legevakt, kommunens kriseteam evt. politiet bli kontakta, avhengig av problemet.

Personer som ringjer mellom kl. 08.00 og 15.30 vil få hjelp til avklaring av situasjonen same dag. Kontaktpersonen i kommunen skal saman med den eldre finne fram til korleis den vanskelege situasjonen kan løysast, gje råd, veiledning, samordne hjelpetiltak og opprette samarbeid mellom hjelpeinstansar.

Nødnummeret skal nyttast av eldre som opplever overgrep i heimen. Døme på overgrep kan vere:

  • Psykisk overgrep som truslar, sjalusi, truande adferd, isolering eller ydmykelse
  • Økonomiske overgrep som utpressing, tyveri av pengar og verdisaker
  • Fysisk overgrep som slag, spark, dytting, fastbinding, livstruande vold eller manglande omsorg med mangel på moglegheit for eigne val, meiningar og privatliv
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 04.01.2016
Fann du det du leita etter?