Bålbrenning

Dersom du skal tenne opp eld utandørs, t.d. jonsokbål eller bråtebrenning bør det gjevast melding til brannvesenet.

Snarveg: Øygarden brann og redning - Feiing og tilsyn

Brannvern

All bruk av open eld i eller i nærleiken av skogsmark er forbode i tidsrommet 15. april - 15. september utan løyve frå kommunen.

Det er krav om at det skal vera ein ansvarleg leiar dersom:

  • du skal utføra flatebrenning eller brenna hogstavfall i skogmark
  • du skal utføra gras- eller lyngsviing i eller i nærleiken av skogmark

Generelle råd:

• Brenning må ikkje skje nærare enn 8 m frå bygning, eller 10 m frå skog og mark
• Ein bør ikkje brenna i sterk vind eller i tørkeperiodar
• Ta nødvendig omsyn til naboar
• Det må ikkje brennast ettar at det er blitt mørkt
• Hageslange eller andre sløkkjemidlar skal vera klare til bruk ved bålet
• Bålet må sløkkjast forsvarleg etter at brenning er avslutta

Melding til Øygarden brann og redning IKS

Sotra Brannvern IKS og Øygarden brannvesen er eit felles brannvern frå 1. januar 2018 med nytt namn Øygarden brann og redning IKS

  • Du må melda frå til Øygarden brann og redning IKS  over telefon dersom du skal brenna hageavfall eller tenna opp eit St. Hansbål.
  • I samband med flatebrenning osv. knytt til jordbruks- og skogbruksverksemd må det sendast melding til Øygarden brann og redning IKS i god tid før brenninga skal gjennomførast.

Naudtelefon-nummer Her finn du telefonnummer til naudhjelp
Naudtelefon-nummer
 Telefonnummer
Brann110
Politi112
Medisinsk naudhjelp113
Øygarden brann og redning IKS Her finn du kontaktinformasjon til Øygarden brann og redning IKS
Øygarden brann og redning IKS
NamnTelefon
Telefon56 33 40 10
Vakttelefon934 41 998
E-postpost@oybr.no
AdministrasjonsavdelingaKontaktinfo
Les meir om selskapetEiga nettside
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 10.04.2018
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)
Artikkel (1)